Dilemma i eit turistfylke

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Lesarbrev«Norge går så det suser», hevdar finansministeren. 

På full fart utfor stupet, hevdar dei som har framskreve miljøutviklinga nokre ti-år.

Og vi som lever i eit «turistfylke» og dagleg i sesongen ser dei enorme turistskipa som trafikkerar fjordane våre, vert urolege:

Kan denne form for turisme ha framtida framfor seg?

Samstundes ser vi at mange frå fjordfylket reiser på ferie til fjerne destinasjonar, ikkje berre ein gong i året, men gjerne både to og tre.

Nokon må ta forferdeleg feil, eller er vi like blinde som dei som dansa på øvste dekk medan skuta gjekk under etter samanstøyten med isfjellet?  

Blir ein fottur i Jotunheimen einaste berekraftige turistruta vår?

Sei meininga di, du også, for no er det «brått om», som svensken seier.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags