Rushtrafikken i Førde

TRAFIKKAOS: Det er på tide å tenke ut gode alternativ for å redusere trafikken gjennom sentrum, og ikkje berre tenke kroner gjennom bomstasjonar, skriv Vidar Grimelid.

TRAFIKKAOS: Det er på tide å tenke ut gode alternativ for å redusere trafikken gjennom sentrum, og ikkje berre tenke kroner gjennom bomstasjonar, skriv Vidar Grimelid. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev

Rushtrafikken i Førde er problematisk, og krevjande for folk flest.

Synest mange er høflege og viser samarbeid, men vi kan alle bli flinkare når trafikken er som verst. Største problemet er at det etter mitt skjønn, ikkje er lagt gode nok planar for å få flyt i trafikken, som t.d. Førdepakken som er laga meir som ei melkeku, slik at alle blir nøydde til å passere bomstasjon og sentrum for å komme seg mot Florø eller nordover.

Det må byggast alternativ veg som går utanom sentrum, slik at unødig trafikk vert styrt utanom sentrum. For dette kjem til å bli verre med åra, og av alle ting skal det, slik eg har forstått, byggast lysregulering i Askvollkrysset, som igjen vil medføre stans i trafikkflyten, som igjen vil føre til opphoping av kø i rushtida. Beste og einaste fornuftige løysing ville vore ei rundkøyring som ville gitt betre flyt.

Når trafikken per dags dato er tvungen til å gå gjennom sentrum, vil situasjonen ende med stort handelstap for alle butikkar i sentrum. Då det vil bli fleire som kvir seg til å reise til Førde, der det er kaotiske tilstandar. Og om ein skulle prøve å roe ned med ein middag og ein kopp kaffi etter handleturen, er det like spennande kvar gong om den parkerte bilen er like heil.

Så det er på tide å tenke ut gode alternativ for å redusere trafikken gjennom sentrum, og ikkje berre tenke kroner gjennom bomstasjonar, for det gjer tydelegvis ikkje saka stort betre med tanke på kaoset, som til slutt også fører til at fleire butikkar i sentrum må gi tapt.

Vidar Grimelid

Trafikant

Høyanger

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags