Livsfarleg skuleveg

SKULEVEG: 1.klassing William Strømmen og 10.klassing Simon Strømmen på den farlege skulevegen.

SKULEVEG: 1.klassing William Strømmen og 10.klassing Simon Strømmen på den farlege skulevegen. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Det manglar gang- og sykkelveg langs den sterkt trafikerte skulevegen frå Straumen til Askvoll skule. Høg murvegg på den eine sida og skråning på den andre. Smal veg og dårleg sikt i svingane. Vi har også Straumsbrua like ved eit svært uoversiktleg kryss. På brua er det smalt og ingen «flukt»-moglegheit. Dette gjer det ekstra farleg for mjuke trafikantar å ferdast på denne strekninga mellom skulen og Straumen.

Eg har sjølv gått og sykla denne vegen mange gongar dei ti åra eg gjekk på denne skulen. Vi var heldige som ofte blei køyrde til og frå, slik at vi unngjekk den farlege skulevegen. På veg heim frå skulen kom som oftast skulebussane forbi oss barna på det skumlaste partiet. Om vinteren var faren endå større. Ofte møtte bussen brøytebilen eller ein annan lastebil her. Då måtte vi barna stå tett opptil den høge murveggen, så det vart plass for dei å passere kvarandre.

Det er mange som ynskjer gang- og sykkelveg på denne strekninga. Eg veit at kommunen har jobba og jobbar aktivt med å få dette til. Vi er veldig takksame for arbeidet Askvoll kommune har lagt ned for å få til gatelys her. Arbeidet med å få på plass denne gang- og sykkelvegen har derimot teke alt for lang tid, då denne vil vere heilt avgjerande for å gi best mogleg trafikksikring.

No har eg sjølv ein 1. klassing som fleire dagar i veka må gå denne strekninga. Eg og familien kjenner på ei stor frykt for at det skal skje ei alvorleg ulykke. Av den grunn ynskjer eg å få fram merksemd og få framskunda ein byggestart, slik at det blir trygt for alle å ferdast på denne sterkt trafikerte strekninga.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags