Gå til sidens hovedinnhold

La oss få leve eit godt glutenfritt liv – om forslag til kutt i statsbudsjettet

Artikkelen er over 3 år gammel

Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

«Dette er krenking» sa vår 9 år gamle dotter til meg då ho høyrde at stønaden ho og broren får frå NAV fordi dei har cøliaki, kjem til å bli monaleg redusert. Ho går på ein skule der dei jobbar med inkluderande skulemiljø, og der har dei lært ordet «krenking». Du kan til dømes snakke om krenking når det skjer eit overtramp mot ein rett du har.

Og med forslaget i nytt statsbudsjett om å kutte stønad til fordyra kosthald med 70 prosent til alle med diagnosen cøliaki og tilsvarande fjerne den for dei med glutenintoleranse, er det mange av våre medlemar i Norsk cøliakiforening avd. Sogn og Fjordane som kjenner seg krenka av regjeringa!

Konkret dreiar det seg om at den månadlege grunnstønaden våre medlemar får, vert redusert frå kroner 1999 til kroner 686. Dette er basert på tal frå ein SIFO-rapport der Norsk cøliakiforening (NCF) har funne mange feil og manglar. NCF har spelt dette inn til Arbeids- og sosialdepartementet utan at det har blitt tatt omsyn til. Forslaget om reduksjon, er grunngitt med at utvalet av glutenfri mat er blitt betre og at prisen på produkta er blitt lågare.

 

Ja, utvalet av glutenfri mat blir betre og betre, og det set vi stor pris på! Prisskilnaden på mat med gluten og glutenfri mat har kanskje også utjamna seg noko, men framleis er det stor prisskilnad på desse produkta. Det er dette grunnstønaden skal dekke opp for.

Dersom du t.d. sjekkar Spar nettbutikk vil du finne at glutenfrie pølsebrød kostar 222,69 per kg, medan vanlege pølsebrød kan du få frå kr 26 per kg til dei dyraste til kr 77 per kg. Ein glutenfri Grandiosa kostar kr 118,47 per kg, medan ein vanleg Grandiosa kostar kr 81,57 per kg. For å nemne nokre eksempel. Glutenfri mat er medisinen for dei med cøliaki og glutenintoleranse, så dette er ikkje noko vi kan velje vekk.

Barnefamiliar, born og unge opplever omfattande vanskar og høge kostnader forbunde med å unngå gluten og samstundes leve eit så normalt liv som mogeleg, med alle dei aktivitetar som born og unge ønskjer og treng å delta i. Reduksjon i grunnstønaden medfører at våre medlemar vil oppleve dette som endå meir belastande. Vi fryktar at foreldre, born og ungdom skal slurve med kosthaldet når støtta vert redusert såpass mykje, noko som går ut over vekst og ernæring til borna.

I følgje diskriminerings- og tilgjengelegheitslova har born med cøliaki krav på eit tilsvarande tilbod som alle andre. SIFO-budsjettet legg til grunn at eit barn eller ein ungdom et 20 brødskiver i løpet av ei veke. Er dette nok når vi veit at dei gjerne et brødskiver både til frukost, lunsj og gjerne kveldsmat? Kva vilkår skapar det for læring dersom borna og ungdomane skal gå rundt og vere svoltne?

Det er endå vanskelegare for ungdom å leve eit strengt glutenfritt kosthald samanlikna med andre. Å bli invitert ut på pizza med vener når du ikkje kan dele pizza med dei andre, men må bestille eigen pizza som kostar dobbelt så mykje, kan kjennest tungt. Viss det er økonomiske hinder for dei i tillegg, er det endå tyngre for ein ungdom å leve glutenfritt!

NCF Sogn og Fjordane utfordrar derfor våre stortingspolitikarar, samt Høgre- og Venstre-ordførarar i fylket til å vere med på ei handlerunde der vi handlar ei korg med vanleg mat og ei korg med glutenfri mat.

Handlekorga skal innehalde mat som born og ungdom vanlegvis et, dvs. brød, pølsebrød, pitabrød, tortillalefser, pizza, spagetti, knekkebrød, kjeks m.m. Kva vert prisskilnaden på desse to handlekorgene? Då vil de kanskje skjøne kvifor vi sterkt oppmodar om at forslaget om reduksjon i støtta ikkje vert sett i verk!

Les også

Kristine fortvilar etter at støtta til cøliakarar blir kutta

 

Kommentarer til denne saken