Gå til sidens hovedinnhold

– Ja, det er småleg, Frida Melvær!

Artikkelen er over 3 år gammel

Debatt Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.


I sitt svar til leiaren i Firda 13.10 skriv Frida Melvær følgande: «Når leiaren i Firda 13. oktober hevdar at regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett er fullt av smålege innsparingar og usosiale kutt er det vanskeleg å ta på alvor».

Ja, Frida, regjeringa sitt forslag til budsjett er vanskeleg å ta på alvor – og vi oppfattar det nettopp som småleg.

Det er småleg av regjeringa å bestemme at mine born skal leve på 20 brødskiver i veka. Det er småleg av regjeringa å bestemme at dei aldri skal ete pølse med brød eller lompe. Det er småleg (og usosialt) av regjeringa å ikkje ta omsyn til at born, ungdom eller vaksne med cøliaki og glutenintoleranse ikkje skal kunne ta seg råd til å gå ut og ete pizza med venene sine!

Det er småleg og usosialt å ikkje ta omsyn til at personar med cøliaki som oftast må ta med seg eigen mat når dei skal i besøk eller på arrangement. Og det er endå meir småleg når ein av medlemane i arbeids- og sosialkomiteen (Heidi N. Lunde) seier at personar med cøliaki heller kan ete noko anna enn brød når brød inngår i dei fleste nordmenn sin kvardagskost.

Vi oppfattar det også som småleg når så mange av regjeringa sine medlemar berre ser vekk frå alle dei innspela som er komne om feil og manglar i dei rapportane som de har lagt til grunn. For å synleggjere kva ekstrakostnadar vi dagleg opplever, kan eg ta eit konkret eksempel frå denne veka: Eg kjøpte fire brød på Spar-butikken: Tre ordinære grovbrød på tilbod til kr 10,- per stk. og der kvart brød er på 700 gram og 1 glutenfritt brød på 500 g til kr 60,-! Dette utgjer ein skilnad i kilopris på kr 106 kr og ein meirkostnad for same mengde glutenfritt brød (2100 g) på kr 220,-. Glutenfrie varer er så å seie aldri på tilbod, så dette er kvardagen vår.

Så ja, Frida, vi er heilt samde med Firda sin leiar at det her er snakk om smålege innsparingar og usosiale kutt. Kom gjerne heim til mine born og fortel dei auge til auge at regjeringa frå no av legg opp til at dei berre skal ete 20 brødskiver i veka og at dei ikkje får ta med seg pølsebrød når dei skal i bursdagsselskap!

Les også: DEBATT: Om «smålege innsparingar og usosiale kutt»

Kommentarer til denne saken