DEBATT: Statsbudsjett 2019: Meir til dei rike og mindre til mange

Av
DEL


MeiningarFellesorganisasjonen (FO) ønskjer ikkje eit statsbudsjett med skattekutt til dei rikaste, og velferdskutt til dei fattigaste. Dette bidreg berre til å auke forskjellane i Norge.

Sikring av gode lokalsamfunn og solide velferdstenester er avhengig av ei styrking av økonomien til kommunane. Statsbudsjett 2019 gjev for lite til velferd og dei gruppene som treng det mest, samstundes som ein vidarefører skattekutt for dei rikaste i samfunnet. FO meiner denne utviklinga er særs bekymringsfull, og ein etterlyser ein målretta innsats for å overvinne fattigdom og ulikskapar i samfunnet.

Skuffa over manglande barnevernssatsing. FO registrerer at regjeringa ikkje føreslår styrking av kommunalt barnevern med fleire øyremerka stillingar eller satsing på kompetanse. Etter fokuset på barnevernet den siste tida, hadde FO forventa meir.

Etter at regjeringa tok over dei raudgrøne sitt budsjett i 2014 har dei ikkje av eige initiativ kome med nye øyremerka stillingar på dette feltet. Vi får stadig tilbakemeldingar frå medlemmer som opplever at dei ikkje har tid eller ressursar til å gjere ein god nok jobb.

Manglande prioritering av kompetanse og tiltak for personar med utviklingshemming. FO meiner regjeringa framleis ikkje tek personar med utviklingshemming sin situasjon på alvor. Ein langsiktig og heilskapleg opptrappingsplan for å styrkja levekår og tenester til personar med utviklingshemming må på plass. Vi etterlyser politisk vilje til å sikre dette. Kommunane må ha helse og omsorgstenester med høg og tilstrekkeleg sosial- og vernepleiefagleg kompetanse.

Personar med utviklingshemming opplever dagleg brot på menneskerettane. Vi etterlyser politisk vilje til å følge opp tidlegare intensjonar i Stortinget. Sjølv om regjeringa føreslår 22,5 millionar til varig tilrettelagde arbeidsplassar, vil truleg ikkje desse plassane komme personar med utviklingshemming til gode.

Samstundes blir det kutta i statleg finansiering av ressurskrevjande tenester. I 2019 blir innslagspunktet auka med 85 millionar. Utrekning gjort av KS viser at dette vil auke utgiftene til kommunane med om lag 300 millionar kroner.

Kommunalt rusarbeid. Regjeringa styrkjer rusfeltet i forslag til statsbudsjett 2019. Samstundes som kommunane får meir pengar til rusarbeid, vert dei frå 1. januar 2019 pålagde å betale for utskrivingsklare pasientar innan psykisk helsevern og spesialisert rusbehandling. FO har bekymringar for om kommunane har eit godt nok tilbod for å møta desse pasientane frå 2019.

Budsjettforslaget har ikkje fleirtal i Stortinget. Så her er det framleis mogleg å påverke det endelege resultatet. FO vil difor arbeide aktivt med å påverke politikarar for å få gjennomslag for saker som er viktig for oss.

Ann-Kristin Nygård, fylkesleiar FO Sogn og Fjordane

Ann-Kristin Nygård, fylkesleiar FO Sogn og Fjordane Foto:


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags