Gå til sidens hovedinnhold

DEBATT: Om «smålege innsparingar og usosiale kutt»

Artikkelen er over 3 år gammel

Debatt Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Når leiaren i Firda 13. oktober hevdar at regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett er fullt av «smålege innsparingar og usosiale kutt» er det vanskeleg å ta på alvor.

Statsbudsjettet skapar eit berekraftig velferdssamfunn og eit tryggare Noreg. Vi satsar mellom anna på inkludering i eit rausare arbeidsliv, integrering, nye arbeidsplassar, skule, sjukehus og forsvaret. Men vi gjer også naudsynte endringar. Dessverre formidlar Firda fleire av desse endringane feil. Det vil eg oppklare.

Rett til bleier står ved lag.

Firda hevdar at menneske med behov for bleier for mellom anna urininkontinens får eit kutt. Det er feil. Endringane påverkar ikkje brukarane i det heile. I statsbudsjettet endrar vi i hovudsak kor mykje overskot som skal gå til produsentar, apotek og bandasjistar. Ingen produkt vert tatt ut av blåreseptordninga. For dei aller dyraste bleiehaldarane vert det føreslått ei avgrensing på 20 stk. i året. Det er fordi slike produkt som held bleier på plass kan vaskast og brukast fleire gonger.

Multifunksjonshemma sine rettar står ved lag.

Avisa omtalar eit såkalla kutt til ressurskrevjande tenester, og meiner dette vil vere eit kutt til dei som treng omsorgstenester frå kommunen. Det er feil. Forslaget handlar om kor tid staten skal hjelpe kommunen å ta økonomisk ansvar, ikkje om tilbodet til dei som treng det. Tilbodet skal vere det same, men kommunen skal bidra litt meir.

Ein meir rett kompensasjon til cøliakarar.

Cøliakarar med ekstraordinære utgifter til mat skal framleis få dekt ekstrautgiftene sine. I dag er støtta på ca. 24.000 kroner i året. To forskingsrapportar viser at kostnadane er langt lågare enn dagens støtte. Kostnadene er rekna til 7860 kroner. Difor føreslår regjeringa å justere støtta slik at den speglar dei reelle ekstrakostnadane. Også Cøliakiforeininga har sagt seg samde i at stønaden bør om lag halverast, men har ein annan modell. Såkalla glutensensitive utan legedokumentert cøliaki vil ikkje lenger få støtte frå NAV fordi glutensensitivitet ikkje er ein vitskapeleg dokumentert sjukdom, som er ein føresetnad for å motta slik støtte.

Rettane til tannbehandling vert bevart som i dag.

Endringane vil ikkje påverke tilbodet til dei som treng tannhelsetenester. Vi vil ikkje auke tannlegetakstane etter prisveksten fordi det vil gje tannlegane eit incentiv til også å auke sine private takstar. Regjeringa føreslår å redusere enkelte takstar som vert brukt meir enn det som vert rekna å vere fagleg grunngjeve. Delar av innsparingane vert vridd over til tilbodet til personar som har blitt utsette for tortur eller overgrep eller som har tannlegeskrekk. Avvikling av takst 604f, som vert brukt ved behandlingskontroll for tannregulering, vert føresett dekt under andre takstar.

Framleis fri rettshjelp.

Dei spesielle rettshjelpstiltaka som JussBuss, JURK, Jusshjelpa med fleire, får den same støtta som i fjor, eventuelt noko meir på grunn av prisvekst. Budsjettposten som går til fri saksføring i domstolane er derimot lågare fordi færre vil ha behov for fri rettshjelp det kommande året. Dette er ei teknisk justering fordi ordninga er regelstyrt.

Kutt til apoteka, ikkje pasientar med Føllings sjukdom.

Pasientane med Føllings sjukdom skal ha tilgang til næringsmiddel akkurat som før, og regjeringa føreslår ikkje endringar i pasientane sine rettar. Her er det utelukkande føreslått kutt i fortenesta til apoteka.

Dagpengar i permittering tilbake til normalen.

Arbeidsløysa i Noreg er på veg ned, og etter det omfattande oljeprisfallet i 2014, er arbeidsmarknaden i ferd med å normalisere seg. Det er derfor naturleg å normalisere permitteringsregelverket og gå tilbake til 26 veker for nye tilfelle, altså slik det var før oljeprisfallet.

Med andre ord: Regjeringa skaper eit berekraftig velferdssamfunn og eit tryggare Noreg. Vi gjer naudsynte endringar, og tek vare på dei svakaste i samfunnet. Det er alt anna enn «smålege innsparingar og usosiale kutt».

Kommentarer til denne saken