Språkvask

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Lesarbrev 

Firda skal få ny redaktør.

I avisa 13.09.18 uttalar konstituert redaktør Marie Havnen og konstituert dagleg leiar, Svein Huus seg om kva dei vil med å søkje. Marie Havnen vil vere med å utvikle Firda til «den beste  lokalavisa den kan bli». Svein A. Huus meinar han har « mykje å bidra med i jobben med å utvikle Firda vidare saman med dyktige og engsjerte medarbeidarar». Vel og bra og sikkert ord som kan tale til deira fordel i eventuelle tilsetjingsintervju. 

Men språket nemner de ikkje. Det burde de. Det vert/er ikkje noko til lokalavis om språket ikkje held mål. Språket er sjølve verktyet dykkar i det daglege arbeidet. Har du sløvt verkty, vert arbeidet deretter. Det veit alle som barberer seg, slær med ljå eller har sløve knivar på kjøkenet. Det er ikkje berre å vise til at Firda er største nynorskavisa i verda når språket forfell sakte, men sikkert.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags