DEBATT: Stortinget må stille makt bak nynorskkrava

SKJERPING: – Dei høgare utdanningsinstitusjonane gir framleis blaffen i nynorsk. Nå må både kulturministeren og Stortinget sjå at regelverket må skjerpast, skriv Magne Aasbrenn.

SKJERPING: – Dei høgare utdanningsinstitusjonane gir framleis blaffen i nynorsk. Nå må både kulturministeren og Stortinget sjå at regelverket må skjerpast, skriv Magne Aasbrenn. Foto:

Av
DEL

Meiningar 

Dei høgare utdanningsinstitusjonane gir framleis blaffen i nynorsk. Nå må både kulturministeren og Stortinget sjå at regelverket må skjerpast.

Førre veke la nettavisa Khrono fram 2018-tala for etterlevinga av mållova hos institusjonane for høgare utdanning. Gode tal frå nokre få endrar ikkje på hovudbiletet: Leiarane ved norske utdanningsinstitusjonar gir blanke i å bruke meir nynorsk og dermed følgje mållova.

Den manglande oppfølginga av mållov og forskrift er ikkje noko nytt. Kvart år får vi medieoppslag om det same: Leiarane lovar bot og betring og meir nynorsk neste år, men monalege betringar kjem aldri. Når norske utdanningsinstitusjonar nesten ikkje produserer tekst på nynorsk, sender det ei tydeleg melding til både studentane og omverda at nynorsk ikkje er noko å bry seg med.

I NRK har kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen lagt autoritet inn i språkutfordringa. Han har tydeleg bestemt seg for at 25 prosent-kravet er eit krav som går på den personlege prestisjen laus og skal innfriast i år. Ei slik haldning ser vi ikkje hos utdanningsinstitusjonane, der til dømes rektoren ved Universitetet i Søraust-Noreg, Petter Aasen, unnskyldar seg med at dei er under dobbelt press frå styresmakter. Kravet om 25 prosent nynorsk og ansvaret for norsk fagspråk let seg vanskeleg oppfylle når universitetet samstundes blir oppmoda om å styrke dei engelskspråklege tilboda, meiner han.

Men å ha to tankar i hovudet samtidig skal som kjent ikkje vere umogeleg. Regjeringa har varsla at ei ny språklov blir lagt fram i denne stortingsperioden, og då bør lovverket skjerpast. Erfaringane med oppfølginga av mållova i 2018 og alle åra før det viser tydeleg og klart at berre å få ein årviss reprimande frå Språkrådet ikkje er tilstrekkeleg for å få institusjonane til å skrive nynorsk. Da SAS lanserte nye nettsider i 2017, reagerte Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) med å seie at selskapet kunne bli bøtelagt om det ikkje følgde krava til universell utforming av IKT. Det er på høg tid at lova gir Språkrådet same moglegheit for sanksjonar som den Difi har. Om vi ser til Quebec i Canada, så går bøtene for brot på språklovverket hjå institusjonar frå rundt 10 000 kroner opp til 130 000. Dersom brotet skjer på nytt, blir bota dobla.

Ei liknande sanksjonsmoglegheit må Språkrådet få i den nye språklova, og det bør både kulturministeren og Stortinget nå sjå. Alternativet er at vi går mot nye tiår med lovbrot i fullt dagslys frå statsfinansierte institusjonar - institusjonar som burde vore i front i å ta ansvar for utdanning og kultur.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags