DEBATT: Stig Eikaas presenterer ei rekke feil om Sogn og Fjordane Kunstmuseum

DIREKTØR OM SAMLINGA: –Vi er vel nøgde med måten samlinga vart bygd opp på, men ser i ettertid at det er trist at vi ikkje har arbeid av enkelte kunstnarskap, skriv Hanne Storm Ofteland.

DIREKTØR OM SAMLINGA: –Vi er vel nøgde med måten samlinga vart bygd opp på, men ser i ettertid at det er trist at vi ikkje har arbeid av enkelte kunstnarskap, skriv Hanne Storm Ofteland. Foto:

Av
DEL

Meiningar

I eit lesarinnlegg i Firda 24. januar i år skriv Stig Eikaas mellom anna om Sogn og Fjordane Kunstmuseum sin innkjøpskomité. Kronikken inneheld ei rekke feil opplysningar som vi har trong for å korrigere:

Kunstmuseet si eiga samling er på om lag 1150 verk, men vi forvaltar om lag 4500 kunstverk frå ca. 1900 og fram til i dag (enkeltmannsmuseum Anders Svor, Hans Gjesme, Ludvig Eikaas og Nikolai Astrup).

Om lag 300 av verka i samlinga (i overkant av ¼) er kjøpt inn gjennom Norsk kulturråd si innkjøpsordning for norsk samtidskunst (oppretta i 1968 og lagt ned i 2007).

Kulturrådet sine innkjøpskomitear bestod av kunstnarar busett i heile landet, og vart valde annakvart år. Utskiftinga av komitémedlemar gjennom val, sikra ei naturleg spreiing av kunnskap og kunstsyn, som igjen prega innkjøpa og sikra bredde. Vi er vel nøgde med måten samlinga vart bygd opp på, men ser i ettertid at det er trist at vi ikkje har arbeid av enkelte kunstnarskap.

I Morgenbladet 23. november stadfesta eg slett ikkje tidlegare direktør sin påstand om habilitetsproblem i kunstmuseet sin innkjøpskomité. Det er direkte feil. Tvert imot understreka eg at rådsmedlemane har jobba seriøst i komiteen, ut frå ein profesjonell ståstad, og i kraft av eigen kompetanse. Vi er vel nøgde med deira innsats.

I lag med Biletkunstnarane i Sogn og Fjordane, Norske Kunsthåndverkere Vest-Norge har Musea i Sogn og Fjordane no fått på plass ei ny avtale om ivaretaking av kunstsenterfunksjonane ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum.

Det er prinsippa som har vore diskutert, ikkje misnøye med habilitet. Innkjøp er eit musealt ansvar, og med den nye avtala har museet no full fagleg fleksibilitet til å vidareutvikle samlinga. Organisasjonane stiller seg til disposisjon ved behov. Museet står fritt til å konsultere ulike partar ved innkjøp, til dømes dei ulike kunstnarsærforbunda, lokale kunstnarar, kuratorar, kunsthistorikarar, eller drøfte med andre fagpersonar/-miljø.

Gjennom åra har Sogn og Fjordane Kunstmuseum hatt eit godt samarbeid med kunstnarorganisasjonane i Sogn og Fjordane, og vi ser fram til å halde fram med dette – no med ei ryddig, god avtale på plass.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags