På tide med leksefri skule

LEKSER: Ingunn Kandal peikar på at mange lærarar meiner lekser kan gjere elevar usikre og oppgitte.

LEKSER: Ingunn Kandal peikar på at mange lærarar meiner lekser kan gjere elevar usikre og oppgitte. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Ingunn Kandal skriv om kvifor ho ønskjer å prøve leksefri skule i Høyanger.

DEL

LesarbrevLinn Elisabeth Dregelid åtvarar mot leksefri skule og viser til den danske forskaren Adam Valeur Hansen. Ho kan ikkje ha lese forskaren meir enn på overflata når ho skriv:

«Adam Valeur Hansen som har forska på lekser, har ei klar meining om kvifor lekser er viktig. Lekser lærer elevane at dei må gjere ein eigeninnsats og gir gode arbeidsvanar. Elevane får moglegheita til å jobbe sjølvstendig og oppdage korleis dei kan bruke eigne evner til å lære.»

Det Valeur skriv i avhandlinga si , «Lektier i den danske folkeskole 2009», og som Dregelid siterer her, er den allmenne oppfatninga av føremålet med lekser. Dette er ei oppfatning berre litt over halvparten av lærarane som Valeur har intervjua i forskinga si, trur på.

For å finne ut om leksene verkar etter føremålet, har Valeur intervjua 98 lærarar. Han fann i undersøkinga at berre litt over halvparten av lærarane meinte at leksene tente dette føremålet og at ein fjerdedel av lærarane gir lekser for å tilfredsstille foreldra!

Sju av åtte av lærarane svarte at dei har erfaringar med at lekser kan gjere elevane usikre og oppgitte. Det er dei fagleg svake elevane. Alle sju lærarane var klare på at leksene var med på å forverre bestemte elevar sine faglege prestasjonar og øydeleggje sjølvbildet deira. Desse negative opplevingane kan dessutan føre til ei generell negativ haldning til faget eller skulen: «Ja, jeg har haft en elev, der hadde lektier, der nærmest skippede faget dansk, fordi det var svært for ham, og han gad ikke lave lektier og blev surere og surere. Han lærte mindre og mindre. Der havde det været godt, hvis man kunne sige, at han bare skulle skippe lektierne og følge med i klassen.»

Dette samsvarer med det som også andre forskarar har kome fram til, t.d. John Hattie: «Av dei tiltaka som betrar læring, kjem lekser langt ned på lista».

Kjersti Lien Holte, førsteamanuensis ved Høgskulen i Østfold skriv: «Lærere gir lekser fordi de alltid har gitt lekser. Lekser gis med utgangspunkt i at foreldre er positive og ressurssterke. De tiltenkes en rolle som glimrende pedagoger i et hjem preget av ro og harmoni hvor eleven har de beste forutsetninger for å gjøre lekser. Det paradoksale er at lærere er veldig klar over at det veldig ofte ikke er tilfelle.»

Professor i pedagogikk ,Willy Aagre, ved Høgskolen i Sørøst-Norge seier: «Lekser gjer meir skade enn gagn. Det er på tide å ta ein grundig diskusjon om dette».

Torberg Falch og Marte Rønning: «Når forskerne ser på niåringenes skole-prestasjoner etter kjønn, har lekser ingen positiv effekt for gutter overhodet».

I Dagbladet 14.5. har 53 fagfolk innan psykologi og pedagogikk eit innlegg med tittelen «På tide med leksefri skule». Så det er mange forskarar og pedagogar som står for det same som Raudt Høyanger. Vi er glade for ordføraren si positive haldning og ser fram til at det blir sett i gong prøveprosjekt i kommunen så snart som mogleg.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags