Nynorskelevar treng lærarar som kan nynorsk

NYNORSKLÆRARAR: – Krav om nynorskkompetanse må inn i stillingsannonsene, meiner Fredrik Hope.

NYNORSKLÆRARAR: – Krav om nynorskkompetanse må inn i stillingsannonsene, meiner Fredrik Hope. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

– Lærarar som ikkje kan nynorsk, fører til nynorskelevar som ikkje kan nynorsk, skriv Fredrik Hope.

DEL

LesarbrevDet er ikkje uvanleg at elevar på nynorskskular har lærarar som ikkje meistrar nynorsk. Slik kan det ikkje vera. Kommunar med nynorskskular kan løysa dette ved å nemna i nynorsk i stillingsannonsane når dei søkjer etter nye lærarar. Dette gjer få i dag.

Alle lærarar er språklærarar, same kva fag dei underviser i. Er du lærar på ein nynorskskule, skal du læra elevane dine å skriva nynorsk. Då seier det seg sjølv at kompetanse i nynorsk er heilt essensielt. Elevane i nynorskområde skal ikkje berre læra å skriva nynorsk i norsktimane. Dei skal au læra dei andre faga, som matematikk, naturfag, musikk, KRLE og kroppsøving gjennom nynorsk.

Mange lærarstudentar frå bokmålsområda blir utdanna utan å ha lært anna nynorsk enn sidemålsundervisninga dei fekk som elevar. Lærarar som ikkje kan nynorsk, fører til nynorskelevar som ikkje kan nynorsk. Mange nynorskelevar byter til bokmål seinare fordi dei har lærarar som ikkje lærer dei nynorsk skikkeleg på barneskulen.

Difor er det viktig at kommunane heilt eksplisitt etterlyser nynorskkompetanse i stillingsannonsane når dei skal tilsetja nye lærarar, og at kandidatar som kan nynorsk skal stilla sterkare ved elles like kvalifikasjonar. Dette vil synleggjera for både lærarstudentane og lærarutdanningane at den norske skulen treng lærarar som kan nynorsk, og samtidig sikra at elevane får opplæring på sitt eige språk.

Krav om nynorskkompetanse må inn i stillingsannonsane. Ei lita setning kan gjera stor skilnad for nynorsken og nynorskelevane.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags