Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
I Ytre Sogn fredag 22.juni kan vi lese at Raudt Høyanger, ved Ingunn Kandal, ønsker eit prøveprosjekt med leksefri skule i Høyanger kommune. Vidare seier ordførar Petter Sortland at han vil be rådmannen om å starte eit utgreiingsarbeid for eit slikt prosjekt.
Ei slik utgreiing er feil prioritering då lekser har ein funksjon, og ikkje bør fjernast. Adam Valeur Hansen som har forska på lekser, har ei klar formeining om kvifor lekser er viktig. Lekser lærer elevane at dei må gjere ein eigeninnsats og gir gode arbeidsvanar. Elevane får moglegheita til å jobbe sjølvstendig og oppdage korleis dei kan bruke eigne evner til å lære. Dette er kompetanse som er nyttig resten av livet.
Kandal sitt argument om at alle må gjere leksene kvar gong for at det skal ha verknad fell på sin eigen urimelegheit. Dei som gjer lekser, dei gongane dei gjer dei, får utbytte av det. Eit avgrensa forskingsprosjekt i ei masteroppgåve om lekser syner at 87 prosent av respondentane (alle lærarar) er heilt eller delvis einige i at lekser forsterkar læring. 91 prosent meiner at det bidrar til å utvikle gode arbeidsvaner. Det er bruken av lekser som er vesentleg.
Det burde ikkje vere rådmannen si oppgåve å starte arbeidet med å greie ut eit prosjekt for leksefri skule i Høyanger. Prosjektet bør stoppast før det har begynt, slik at ressursane kan nyttast meir høveleg.