Ny bru over Jølstra

FORSLAG: Slik ser Kjartan Myklebust føre seg at trafikken i Førde kan bli meir miljøvennleg.

FORSLAG: Slik ser Kjartan Myklebust føre seg at trafikken i Førde kan bli meir miljøvennleg. Foto:

Av
DEL

Meiningar 

Ny bru over «Jølstra» – mellom Angedalsvegen og Hafstad: Her viser eg til eit oppslag i Firda den 29. oktober 2018, som viser at nokre folkevalde drøftar kva for eit alternativ dei skal gå inn for – av denne «spagettien» av veg- og brualternativ, som dei er førelagde.

Er det på denne måten byplanlegging i Førde skal gå føre seg, med store drøftingar omkring ein slik detalj av Førde sentrumsområde, når ein heller burde ha fokus på sjølve hovudplanen?

Trafikk i sentrumskjernen i Førde: På vedlagt kart viser eg eit prinsipp for korleis køyretrafikken i Førde sentrum kan ordnast på ein betre og meir miljøvennleg måte, enn det den føreliggande trafikkplanen går ut på.

Ved å bygge ein tunnel i fjellet mellom Førde Hotell og Hafstad (på kartet merka HO – HA), så tek ein bort behovet for å bygge nye trafikkanlegg gjennom sjølve sentrums-kjernen, som dagens trafikkplan går ut på; – med nye vegar og bruer mellom Indre Øyrane og Langebrua (på kartet merka Ø – L), og frå Angedalsvegen over Jølstra til Hafstad (på kartet merka med A –F). Kostnadsmessig vil eit slikt alternativ kome gunstig ut, i høve til føreliggande trafikkplan for Førde sentrum, som ein no styrer etter. På vedlagt kart er vist kva for planlagde trafikkanlegg over Løken (Ø – L) og Jølstra (A – F) som kan takast ut av trafikkplanen, viss ein i staden bygger ein tunnel frå Førde hotell til Hafstad (HO – HA).

På vedlagt kart er det dessutan vist korleis ein kan få til eit overordna trafikknett for Førde sentrums-område, der hovudvegane E39 og Rv 5 utgjer ytre ringvegar, i tråd med det som er prinsippet for dagens byplanleggings-modellar.

Det kan byggast ein tunnel i fjellet mellom Førde Hotell og Hafstad (HO – HA), som vil løyse dagens køyretrafikk-oppgåver, – for næraste framtid, jamfør vedlagt kartskisse. Ein slik «trace» vil spare det indre Førde sentrum for store miljø-ulemper. Dessutan vil ei slik vegløysing også utgjere ein viktig del av eit indre ringveg-nett, for det framtidige Førde sentrum.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags