Nei til svekking av posttenestene

TOMT? Ingunn Kandal, fylkesleiar i Raudt, meiner det må vere postombering i heile landet seks dagar i veka.

TOMT? Ingunn Kandal, fylkesleiar i Raudt, meiner det må vere postombering i heile landet seks dagar i veka. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LesarbrevI samband med regjeringa si høyring om posttenestene, er det foreslått ytterlegare reduksjon. Det er lagt opp til at Posten skal kunne halvere talet på omdelingsdagar frå 2020.

Sjefredaktør i Sogn Avis, Jan Inge Fardal, seier til klassekampen.no at han fryktar at laurdagsaviser kan forsvinne i dragsuget. Bengt Flaten er redaktør i Fjordingen, der Posten står for 77 prosent av avisdistribusjonen. Flaten seier til klassekampen.no at det blir «vanvittig dyrt» og «til dels umulig» å få ut avisene med andre typar bod. Han understrekar at samferdselsminister Jon Georg Dale (FrP), som kjem frå Volda, veit at forslaget vil ha negative konsekvensar for mange lokalaviser.

Avisa Klassekampen sin gjennomgang, viser at det er aviser i Sogn og Fjordane og i Nord-Noreg som blir hardast ramma. Her i fylket deler Posten ut nesten halvparten av papiravisene, over 15.000 eksemplar.

For dei mindre lokalavisene, utgjer papirutgåvene 89 prosent av opplaget. Administrerande direktør i Mediebedriftenes Landsforening (MBL), seier til klassekampen.no at dette viser at papiravisa framleis er viktig. Kulturminister Trine Skei Grande (V) vedgår overfor klassekampen.no at regjeringa ikkje har klar ei alternativ løysing for avisene.

Klassekampen.no melder også at Ap stør Posten sitt ønskje om å halvere talet på postdagar. På Ap si nettside står følgjande formulering under distriktspolitikk: «Et land med arbeid og bosetting over hele landet er fundamentet for et sterkt fellesskap og for vår felles identitet». Det er på tide at Ap tek denne formuleringa på alvor og trekkjer støtta til marknadsfundamentalistane og marknadskreftene si rasering av posttenestene. Utfordringa går også til KrF.

Raudt Sogn og Fjordane er imot den pågåande reduksjonen av posttenestene. Vi ser på posttenestene som ein viktig del av infrastrukturen. Det bør vere planøkonomiske samfunnsomsyn som styrer postpolitikken, ikkje marknadstenking. Raudt Sogn og Fjordane går derfor inn for å gjeninnføre postombering i heile landet 6 dagar i veka.

Biografi for Ingunn Kandal 

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags