Gled dykk eller gru dykk

EIGE LIV: Mine kjære politiske kollegaer ta konsekvensane av bilbru vedtaket med ein gong. La Førdehuset, slik det står i dag leve sitt eige liv, med dei ressursane fleirtalet av politikarane tildeler denne bydelen, skriv artikkelforfattaren.

EIGE LIV: Mine kjære politiske kollegaer ta konsekvensane av bilbru vedtaket med ein gong. La Førdehuset, slik det står i dag leve sitt eige liv, med dei ressursane fleirtalet av politikarane tildeler denne bydelen, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

Meiningar 

No er det bestemt, det vert bilbru over Jølstra ved Førdehuset, det vert ikkje noko kunstgrasbane slik den ligg no. Den grøne lunga ved Førdehuset skal byggast ned. Her vert ein reduksjon av utomhusområde som kan vere til hinder til å vidareutvikle Førdehuset på ein fullt ut tilfredsstillande måte, som idrettsarena med bl.a. nytt badeanlegg og nye hallar.

Dette er kortsiktig tenking etter mitt syn. Dette er ikkje noko nytt i Førde. Fleirtalet har i alle dagar planlagt berre rett framfor nasen utan å sjå heilskapen i dei vedtaka som vert gjort. Eg burde kanskje halde stilt, men det er ikkje min stil.

Eg peikte på feilinformasjonen i sakstilfanget i brusaka i mitt innlegg i bystyret den 28. februar, men eg stod heilt åleine, heller ikkje rådmannen kommenterte dette. I Firda 8. mars innrømte rådmannen at notatet til bystyret ikkje var korrekt og at det bygde på synsing og tolking. Etter oppslaget i Firda hadde eg forventa at det hadde komme ei beklaging til politikarane i møte i planutvalet den 14. mars. Men møtet var ikkje lagt opp til det. På saklista stod berre ei referatsak, nemleg eit brev frå Arbeidarpartiet som lurte på om bystyret hadde nok informasjon til å gjere eit riktig vedtak i brusaka. Det er vanleg at referatsaker vert teke til vitande og så er ein ferdig med saka. Det skjedde også i denne saka.

Ingen av planutvalsmedlemane gjorde framlegg om å løfte denne saka opp til ei vedtakssak der feilinformasjonen vart tema, heller tvert om, så gav alle politikarane uttrykk for at rådmannen hadde gitt ei god og avklarande forklaring. Ein ting er heilt klart, rådmannen har svart på spørsmålsstillinga frå Arbeidarpartiet og ingen kan klandre rådmannen for at ho ikkje beklaga at notatet til bystyret bygde på synsing og tolking, det var jo ingen i planutvalet som spurte om dette. Forstå det den som kan, eg forstår det i alle fall ikkje.

Asbjørn Steen

Asbjørn Steen Foto:

Eg har i tidlegare lesarinnlegg og i innlegg i bystyre etterlyst planar for framføring av gate/gang-/sykkelveg frå brua ved Førdehuset ned Angedalsvegen og fram til inngangsdøra til Coop Domus. Verken administrasjonen i kommunen eller Førdepakken bryr seg med å svare, kanskje dei synest det er utidigt mas. Det som undrar meg også er at ingen av mine politiske kollegaer i bystyret er interessert i dette, korleis skal ein få ein 18 m lang trailer gjennom krysset ved drosjesentralen. Heilskapen er tydelegvis ikkje så nøye og vite noko om. Stykkevis og delt er vel den mest behagelege politikken.

Mine kjære politiske kollegaer ta konsekvensane av bilbru vedtaket med ein gong. La Førdehuset, slik det står i dag leve sitt eige liv, med dei ressursane fleirtalet av politikarane tildeler denne bydelen. Det er tydeleg at ikkje alle politikarane ser den unike verdien som ligg i Førdehuset i kombinasjon med Festplassen og Hafstadparken når ein legg ei trafikkmaskin inn i dette området med ein døgntrafikk på 7000 bilar.

Kvar skal vi bygge ny symjehall, for alle er vel einige om at den må komme på plass så raskt som mogleg. Vi har ein unik moglegheit no til å vere med å fortette Førde sentrum samtidig som kommunen kan vere med å gi ei handsrekning til næringslivet og liv og røre i sentrum.

Bygg eit stort badeanlegg gjerne i samarbeid med næringslivet på Indre Øyrane ved Firda Billag/Sunnfjord Hotell. Eit badeanlegg som også kan vere med å utvikle Løken og område på Indre Øyrane til eit attraktivt friluftsområde og rekreasjonsområde, samtidig som det ligg midt i sentrum. Kort veg til hotell, klynge av forretningar, kunstmuseet og teateret som kanskje om kort tid flytter ut av Førdehuset. Kort veg til den nye vidaregåande skulen på Øyrane med 1000 elevar. Eg har ikkje lufta tanken med nokon, men eg føler meg nokså sikker på at eit badeanlegg her vil verte godt mottatt av næringslivet. Vert dette gjort riktig vil eit slikt badeanlegg skape stor aktivitet heile dagen og ikkje minst vere med å skape liv og røre på ettermiddag/ kveld. Eit slikt anlegg vil også vere med å styrke turistnæringa, handelsnæringa og opplevelsebyen Førde som ein treng så sårt.

Tenk over dette, men tenk ikkje for lenge. Eg prøver berre å vere litt kreativ og sjå tinga i eit litt større perspektiv.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags