Breidband er avgjerande for busetting

Trude Brosvik.

Trude Brosvik. Foto:

Av
DEL

Meiningar

Derfor bør det ikkje vere marknaden åleine som avgjer utbygging. Fellesskapet må ta grep som sikrar raskt breidband til alle.

I budsjettforhandlingane med regjeringa i haust sikra KrF, for 5. året på rad, auke i midlar til breidbandsutbygging. Desse midlane går til fylkeskommunen, som igjen samhandlar med kommunane og utbyggingsselskap, slik at det vert bygt ut breidband der marknaden aldri vil tene på å gjere det åleine. Kvart einaste år har regjeringa til H og FrP, og sist år Venstre, kutta i desse midlane.

I Gulen har det siste året vore ei god utvikling for fleire breidbandskontraktar. Men framleis er det mange mindre bygder som er utan. No er det laga eit kart som ligg på heimesida til kommunen, der ein kan merke av om ein har trong for betre breidband. Positivt! I kommunestyret var Høgre aktive for å vise til trongen for meir midlar til breidband. Det er bra. Fint om dei samtidig sender ei takk til KrF som sikra 100 mill ekstra i statsbudsjettet. Og så må også Høgre få samanheng i politikken sin. For trua på at marknaden ordnar opp åleine har vist seg å ikkje stemme. Noko Gulen Høgre sin innsats lokalt tyder på at også dei ser.

Aktive grep med regionale utviklingsmidlar, midlar til infrastruktur, som td breidband, styrke nærbutikkane og drosjenæringa for å nemne noko, er viktige område for at distrikta skal fungere og for at folk kan bu og drive næring der.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags