Splitting og verdikonservatisme

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LesarbrevI Firda 27. april ser ein igjen eit døme på korleis oppsplitting i politiske parti, sekter og religionar fører til endå meir splitting og strid ved at dei begynner å motarbeide kvarandre. Eg siktar her til Nils-Petter Enstad sitt innlegg «Eit verdikonservativt parti» som er eit svar til tidlegare innlegg av Bjørg Sølvi Refvik. 

Denne gongen gjeld det mistillit mellom to parti som kallar seg kristne, Kristeleg Folkeparti og partiet De Kristne. Dei kallar seg og verdikonservative. Det er sjølvmotseiande, for verdikonservatisme er nærmast det motsette av kristendom. Å konservere verdiar fører berre ein veg, mot stagnasjon, forfall og død. Kristendom er å søke Gud og Livet, som eigentleg er eitt og det same. Eg er Vegen, Sanninga og Livet, sa Jesus Kristus, som sjølv hadde gått heile vegen fram til sameining med det guddommelege. For å finne sanninga og livet, må ein gå vegen fram/tilbake til sitt guddommelege opphav, ikkje stagnere og isolere seg i sitt eige sneversyn, men komme heim. Bli heil. Berre det som er heilt er heilagt, for ordet heilag betyr å vere heil. Ordet lækje betyr å gjere heilt det som er splitta.

Jesus kom for å skape heilskap, ikkje splitting. Han kom for å fornye, løfte mennesket opp på høgare medvitsnivå der splitting og hat ikkje kan eksistere, men vart ikkje forstått, spesielt ikkje av dei verdikonservative som ikkje ser nokon grunn til å vekse i ånd og visdom. Difor representerer dei ein vond sirkel der dei utan å vite det kjemper imot det dei sjølve skaper med sine stagnerte/forelda tankar, anten dette gjeld tukling med biologien eller andre negative ting i tida. Det har alt saman si rot i mangel på djupare innsikt, mangel på evne til å sjå samanhengar og heilskap, og mangel på vilje til vekst og utvikling. Frykta for andre kulturar og religionar er stor, og desse har dei ingenting å lære av, ja, dei austlege kulturane er visst aller verst. Å praktisere yoga til dømes, det er farleg det. Då kan ein risikere å opne opp for vonde hinduistiske ånder, som ein sa det nyleg. Kva fører slike negative utfall til? Iallfall ikkje til kjærleik og sameksistens på denne planeten.

Etter kvart som ein går framover på lysets veg, tileignar ein seg ofte evner og anlegg som ein ikkje hadde før. Det kan t.d. vere evne til å lækje seg sjølv og andre, evne til å kjenne kvaliteten på den energien ein omgir seg med. Det kan vere evne til å kanalisere ned informasjon frå oppslegne meistrar osv. Ei som har gjort eit stort arbeid på dette feltet er forfattaren Anne Gjeitanger. Ho har skreve ein serie på fire bøker, kalla Pistis Maria, der ho kanaliserer ned informasjon frå Jesus og Maria Magdalena. Jesus forstod allereie som tolvåring at alle religionar, sekter og politiske parti for den del, er fragment av ein heilskap, og at det er vår oppgåve nå å samle trådane og finne det beste i alle desse fragmenta for å sameine dei på eit høgare medvitsnivå. Berre slik kan etter kvart Guds Rike komme på jorda slik som i himmelen, som ein meir og mindre medvitslaust har bedt om gjennom tidene.

Sjølv rømte Jesus heimanfrå som tolvåring med ein båt som gjekk til India, for å gå i lære hos dei høgt utvikla vismennene der. Han ville bl.a. lære å levitere og å bruke kreftene sine på ein betre måte enn han hadde gjort til då. Han fortel at han ikkje kunne forstå si eiga lukke då han første gong sette foten på indisk jord. Altså det same landet som dei norske verdikonservative kanskje fryktar mest av alt.

Sjølv meiner eg å ha sett dei siste åra at partiet KrF har mjukna opp og er i siget framover mot «den gylne middelveg», skjeringspunktet der kreftene møtest og sameinar seg. PDK derimot synest å vere fullstendig fastlåst, og det er først og fremst deira problem, men går også sterkt utover andre.

Intellektuell vitskap og spirituell innsikt møtest også når ein kjem ned på kvanteplanet. Ikkje minst viktig er det at dei feminine og maskuline kreftene balanserer seg og får lik verdi, for Gud er like mykje kvinne som mann for å seie det slik. Skaparen og det skapte er eitt. Den feminine kraft har blitt utstøytt gjennom historia av dei verdikonservative kreftene, og einsidigheita dette har medført er kanskje den djupaste årsak til at verdikonservatismen og kyrkja medrekna ikkje har makta å skape betre menneske og dermed ei betre verd.

Vår oppgåve nå er å hjelpe til med å skape balanse og heilskap på mange plan. Til det trengst både djup innsikt og vilje til å fylle ut det som manglar i vår kultur med visdom frå andre kulturar, og omvendt.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags