Eldreomsorga i nye Sunnfjord kommune – kva kan vi vente oss?

Av
DEL

Meiningar 

Det føregår no eit intenst arbeid for å få til ein godt fungerande Sunnfjord kommune, som kjem i full drift om berre vel eitt år.

Både politikarar og byråkratar frå alle dei «gamle» kommunane har allereie brukt mykje tid og hatt mykje «hauebrot» for å byggje ein god ny Sunnfjord kommune, og få til ein best mogeleg overgang frå dei gamle.

Dette er ein kjempestor prosess, svært arbeidskrevjande, og eg vågar å påstå at få av dei som ivra for samanslåing, såg føre seg alle utfordringane dei ville møte, eller kor mykje prosessen ville koste, både i tid og pengar. Kanskje skulle her vore gjort ei grundig kost/nytte analyse?

Kanskje nokon har mist litt entusiasme siste året?

Vi har nok for lengst passert «point of no return», og må difor vere pragmatiske og gjere det beste ut av det vi har.

Dette har også vi i råda for eldre, og/eller råda for menneske med nedsett funksjonsevne sett, og vi tok difor, for ca. eit år sidan, initiativ til at også vi kunne få delta og få fram våre synspunkt i prosessen fram mot ny kommune. Vi har fått god informasjon, og hatt eit godt samarbeid med våre kontaktar frå prosjektleiinga. Det har gjeve ei viss innsikt i arbeidet som vert lagt ned, ressursane som vert brukte, og korleis prosessen stressar dei administrative ressursane i alle kommunane.

Som sagt, fakta er fastslege, dei fire kommunane vert ein frå 1. januar 2020. Då må det vel verte stor jubel og velstand i heile området. Målet for alle har vore at livet i Sunnfjord kommune skal verte lettare og betre på ulike område for innbyggarar i alle aldersgrupper, med alle mogelege behov. Både kvalitet og kvantitet på dei kommunale tenestene skal verte betre, drifta meir effektiv, relativt mindre av pengane skal brukast til byråkrati, meir til skule, helse, pleie/omsorg osv. Dette trur eg var det positive utgangspunktet for dei som har arbeidd for samanslåing.

«Men tvilen kjem støtt attende», seier Jakob Sande. Hjå meg, kanskje også hjå andre som har vore med på drøftingane, kjem tvilen om kvar ein skal finne gevinsten, og når denne store dagen kjem. Når det gjeld pleie og omsorg, som vi kjenner eit særleg ansvar for, har vi fått det rimeleg klårt at terskelen for å få både institusjonsplass og heimetenester vert høgare i framtida enn i dag. Mange av dei som veit kvar skoen trykkjer, meiner nok heller at terskelen er for høg allereie i dag.

No er vel dette svartmåling frå ein gammal samanslåingsmotstandar? Ja, hadde det berre vore så vel. Dessverre ser dei kalde fakta langt verre ut enn det eg hadde trudd inntil nyleg.

Eg tek sjansen på å setje opp fire moment som vil koste mykje for Sunnfjord kommune:

  • Reduserte overføringar på kr 23 mill. Kanskje vert det ein viss kompensasjon, men eg skulle gjerne snakka med den som trur at kompensasjonen vil dekke tapet.
  • Auka kapital – og driftsutgifter p.g.a. investeringsboom før samanslåinga. Eg har høyrt eit tal på 258 mill. i investeringar siste året. Kva vil det koste Sunnfjord kommune i framtida? Vil det koste t.d. 30 mill. pr. år, og veit nokon kva rentenivået vert?
  • Lønsutgiftene totalt vil auke sterkt, men her har ikkje eg kunnskap til å stipulere noko tal. Eg meiner likevel vi burde fått visst kva dette kostar, for dei som kjenner lønsnivået i dei ulike kommunane i dag, burde det vere enkelt å stipulere denne kostnaden.
  • Utgiftene til politikargodtgjersler vil verte betydelege. Eg er ikkje i tvil om at dei føreslegne satsane vil føre til vesentleg totalauke i høve til i dag.

Til saman vil desse faktorane føre til ein anstrengd kommuneøkonomi frå fyrste dag i den nye kommunen. Eg torer ikkje kaste fram noko tal, men dei fleste ser at talet vert stort.

Eg meiner vi burde fått vite kva summen av desse tapte inntektene og ekstra utgiftene vert,

I alle fall så nær som ein i dag kan greie det. No vil nok det vere lett å svare at: «Vi spekulerer ikkje i hypotesar». Det er eit svært greitt svar å gripe til, og forståeleg nok, mykje brukt.

Vi som skal bu og leve i den nye Sunnfjord kommune, og som får livet vårt påverka av kommunen sin økonomi, bør likevel ha krav på å få vite mest mogeleg om utsiktene for framtida. Eg vil difor be Fellesnemnda ta initiativ for å få utarbeidd ei mest mogeleg realistisk prognose for inntektstap og ekstra utgifter.

Vi bør få vite kor alvorlege innsparingane på driftsutgiftene kan verte, og korleis det kommunale tenestetilbodet kan verte påverka.

Per Kjelstad.

Per Kjelstad. Foto:

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags