Styrk arbeidstilsynet og fagrørsla

Av
DEL

Lesarbrev

Arbeidstilsynet har funne mangelfulle arbeidsavtaler og uforsvarleg arbeidstid i dei fleste overnattings- og serveringsbedriftene dei har kontrollert på Vestlandet siste åra. Sidan 2015 har tilsynet kontrollert 942 overnattings- og serveringsverksemder i dei tre fylka og funne lovbrot i 8 av 10. Dei vanlegaste lovbrota er mangelfulle arbeidsavtalar, at tilsette ikkje får overtidsbetaling og uforsvarleg arbeidstid og manglande opplæring i helse, arbeidsmiljø og tryggleik. Som forventa bagatelliserer bransjesjefen i NHO, Wenche Salthella, dette.

Desse funna er berre toppen av isfjellet. For ifølge Bengt Eriksson, hovudtillitsvald for NTL i Arbeidstilsynet, har kutta i tilsynet ført til nedprioritering av viktige oppgåver, inkludert tilsynsverksemda. I eit intervju med frifagbevegelse.no i juni 2018, kjem det fram at kutta pga. den såkalla ABE-reforma til regjeringa, har ført til kutt i Arbeidstilsynet på rundt 10,5 millionar kroner åra 2015–2017. «Reforma» går ut på at statlege verksemder er pålagde å redusere kostnadane med mellom 0,6 til 0,8 prosent kvart år. Denne reforma bør leggjast vekk!

Det er nødvendig å kjempe mot sosial dumping og lovbrot i arbeidslivet. Raudt foreslo derfor ei utgreiing av tiltak i franchiseføretak og fekk gjennomslag på Stortinget. Raudt har også bedt regjeringa om å setje ned eit lovutval som skal kartleggje korleis bedriftene omgår lovverk som skal vareta lønnsarbeidarar sin stilling.

Arbeidstilsynet må styrkast økonomisk og må få utvida tilsyns- og sanksjonsrett mot verksemder som bryt arbeidsmiljølova. Men det viktigaste som kan gjerast for å redusere talet på lovbrot i arbeidslivet, er å styrke fagrørsla, mellom anna ved å auke frådraget for betalt fagforeiningskontingent.

Raudt Sogn og Fjordane vil vidare at styresmaktene stiller krav til m.a. arbeidsforhold, tariffavtalar og lærlingar når dei gjer forretningar med overnattings- og serveringsbransjen.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags