DAB - skjerp dykk !

UTAN DEKNING: – Dekningsmessig er vi no på nivå med FM-nettet før det var heilt utbygd med omformarar. Og FM-nettet kom her i distriktet i 1959, for 60 år sidan, skriv Kjell Opheimshaug.

UTAN DEKNING: – Dekningsmessig er vi no på nivå med FM-nettet før det var heilt utbygd med omformarar. Og FM-nettet kom her i distriktet i 1959, for 60 år sidan, skriv Kjell Opheimshaug. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Debatt Den siste veka har vi køyrt frå Luster til Innvik, Olden, Loen og Stryn og ein tilsvarande runde opp Sogndalsdalen via Jølster med retur over Gaularfjellet. På desse strekningane er det store hol, der DAB+ signala dett ut og bilradioen vert stum, slår så inn att og dett ut på nytt. Det startar i øvre del av Fjærland og held fram på betydelege  strekningar både nordover til Nordfjord og over Gaularfjellet.

Då vi hadde FM-nettet var det nesten aldri bortfall av signal. Dekningsmessig er vi no på nivå med FM-nettet før det var heilt utbygd med omformarar. Og FM-nettet kom her i distriktet i 1959, for 60 år sidan!!

Overgangen til digital radiomottaking har gitt oss ei heilt anna radioverd med rundt 30 kanalar i ulike sjangerar. Noko for einkvar smak. Men eit ufråvikeleg krav må vera at radiodekninga er på nivå med det FM-nettet vi mista. At bilradioen dett ut gong etter gong på veg frå Sogn til Nordfjord i 2018 heng ikkje på greip. Og slik er det truleg i grisgrente strok  landet rundt.

Det minste vi kan venta er at midlar sparte ved å sløkkja FM-nettet, vert nytta til å finansiera ei fullgod dekning for DAB+.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken