Stans EU-tilpassinga – ut av EØS!

Av
DEL

LesarbrevNyleg sikra Arbeidarpartiet og Miljøpartiet Dei Grøne dessverre regjeringa fleirtal på Stortinget for at Noreg skal slutte seg til EU sin tredje energimarknadspakke og EU sitt energibyrå ACER. Raudt har heile tida vore mot dette, og vi håpar at Island no set foten ned for ACER.

Stortinget sitt vedtak om EU sin tredje energimarknadspakke, er det siste i ei lang rekke av skadelege knefall for EU. Det er vidare ein reell trussel at EU skal få enda meir makt over norsk arbeidslivspolitikk. Trusselen heiter European Labour Authority (ELA), som er namnet på EU sitt arbeidsmarknadsbyrå. I juni i fjor stemte eit fleirtal på Stortinget ned tre framlegg som skulle avklare kva byrået skal gjere og kor mykje råderett Noreg skal vere villig tilpo å gje frå seg. Denne mangelen på informasjon, bør i seg sjølv vere grunn nok for folk til å bli med i kampen for at Noreg skal seie nei til ELA.

Då Noreg tilslutta seg EØS i 1993, hevda dei ansvarlege politikarane at avtalen ikkje ville gripe inn i norsk politikk og at den berre skulle sikre oss tilgang til den europeiske fellesmarknaden. I dag veit vi at det ikkje var sant. Gjennom direktiv som vikarbyrådirektivet, datalagringsdirektivet og helsedirektivet, har EU gripe direkte inn i det norske samfunnet på så ulike område som arbeidsliv, juss, personvern og helsepolitikk, og det på ein negativ måte.

EU-reglene har forrang over norsk lov, og norske folkevalde let seg dermed styre av Brussel. Dette gjer at vesentlege delar av norsk folkestyre vert sett til sides. Dette undergrev resultata av folkeavstemmingane i 1972 og 1994. Denne negative utviklinga vil verte ytterlegare forsterka dersom Solberg-regjeringa sitt nyaste framlegg om at EU gjennomfører krav om førehandsgodkjenning av vedtak i kommunar og statlege organ går igjennom. Dette vil, ifølgje nettstaden ABC Nyheter, føre til at norske kommunar og Stortinget må melde frå til EU om utkast til nye reglar seinast tre månader før vedtak, og at EU eller ESA deretter kan stoppe norske, politiske vedtak før dei er fatta. Raudt går imot dette særs skadelege framlegget om meldeplikt, og meiner vidare at det hastar med å få Noreg ut av EØS.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags