Sogn og Fjordane sine kraftaksjar

SFE: – For oss vil det vere særdeles viktig å lage ein konstruksjon som sikrar at aksjane i SFE vert i offentleg eige i framtida, og at utbytte kan brukast som verkemiddel for å skape vekst der verdiane er skapte, skriv Jenny Følling. Bildet er ein illustrasjon.

SFE: – For oss vil det vere særdeles viktig å lage ein konstruksjon som sikrar at aksjane i SFE vert i offentleg eige i framtida, og at utbytte kan brukast som verkemiddel for å skape vekst der verdiane er skapte, skriv Jenny Følling. Bildet er ein illustrasjon. Foto:

Av
DEL

Meiningar

Det er uforståeleg at enkelte politikarar i Hordaland kjem med trugsmål om straff når Sogn og Fjordane berre gjennomfører det som er nedfelt i intensjonsplanen mellom dei to fylka. Det kan vere øydeleggjande når vi no skal lage eit nytt Vestlandsfylke.

I intensjonsplanen står at «Då Sogn og Fjordane fylkeskommune har relativt høge netto formuesverdiar og høge lokale inntekter, blir fylket gitt høve til å la desse verdiane bli haldne utanfor regionetableringa i 2020». Det er dette vi no gjer. Og det er dette vi også har informert om i fellesorgana med Hordaland.    

Sogn og Fjordane fylkeskommune har opparbeidd sin eigarpost i SFE AS gjennom 100 år. Vi eig i dag 49,5 prosent av aksjane i selskapet, BKK eig 36,8 prosent og nokre av kommunane i Sogn og Fjordane eig 13,7 prosent.

Hordaland fylkeskommune eig ikkje tilsvarande aksjar. BKK er eigde av kommunane i Hordaland og av Statkraft (49,9 prosent). Ein ikkje uvesentleg del av det utbyttet BKK i dag får i SFE går altså til kommunar i Hordaland – via BKK.

Spørsmålet er om det er urimeleg at Sogn og Fjordane får behalde verdiar som er opparbeidd i fylket vårt gjennom 100 år. Eg meiner det er både rett og rimeleg. Dessutan var det eit folkekrav då intensjonsplanen var på høyring.

Fylkestinget vårt peikar på same løysing som vart nytta då Sør- og Nord-Trøndelag vart eitt fylke. Dette er ein god parallell til Vestland. I Sør-Trøndelag eigde kommunane selskapet Trønderenergi. I Nord-Trøndelag eigde fylkeskommunen Trøndelag Elektrisitetsverk 100 prosent, verdsett til 15 mrd. Sør-Trøndelag godtok utan knussel at aksjane i det fylkeskommunalt eigde Trøndelag Elektrisitetsverk vart overdregne til kommunane i Nord-Trøndelag, før fylkessamanslåinga.

No har Sogn og Fjordane fylkesting til hensikt å gjere det same, men med den forskjell at minst 20 prosent av aksjane og bestemmande myndigheit må bli liggande att på fylkesnivået. Heile overføringa føreset at BKK, som stor eigar i SFE, ikkje får nytte noko forkjøpsrett. Det spørsmålet skal lagmannsretten ta stilling til over nyttår.

Sogn og Fjordane har fått aksept for å behalde kraftverdiane i Sogn og Fjordane. Det ingen grunn til at fylkespolitikarane i Hordaland skal kjenne seg lurte. Intensjonsplanen forhandla fram vi i fellesskap og vi har i etterkant informert om dei alternativa vi har arbeidd med.

Likevel seier Terje Søviknes at han oppfattar det som ei «fiendtleg handling», og Pål Kårbø trugar med sanksjonar.

Pål Kårbø er i dag fylkesvaraordførar i Hordaland, og han var – frå Hordaland si side – politisk ansvarleg for dei forhandlingane som var gjennomførte for nær to år sidan. Eg oppfattar det slik at Kårbø no er på veg ut av fylkespolitikken.

Terje Søviknes si store interesse for saka er kanskje meir interessant. Eg meiner å hugse at han var med på det første forhandlingsmøtet vi hadde (med også Rogaland), men at han etter det ikkje tok del.

Då Statkraft gjekk inn i BKK i 2001, hadde Os og Osterøy eit ønskje om å selje seg heilt ut. Os-ordførar Terje Søviknes (FrP) ville plassere heile salssummen i finansmarknaden. Dersom han ikkje fekk det, truga han med å sette foten ned for heile salet til Statkraft. Løysinga vart då at Bergen kommune kjøpte den delen av BKK som Os og Osterøy ikkje kunne selje til Statkraft. Os eig i dag ikkje kraftaksjar. 

For oss vil det vere særdeles viktig å lage ein konstruksjon som sikrar at aksjane i SFE vert i offentleg eige i framtida, og at utbytte kan brukast som verkemiddel for å skape vekst der verdiane er skapte. Det vil også vere viktig å sikre selskapet utviklingsmogelegheiter i framtida.

Eg meiner det er på tide å legge ned stridsøksa og gå vidare. Det tener ingen til ære å dra med seg misnøye og hemngjerrigheit når vi skal bygge eit nytt og sterkt vestlandsfylke. Eg er overtydd om at vi alle, både i valkampen og seinare i det politiske arbeidet, vil vere med på å byggje eit sterkt vestlandsfylke. Det fortener folk i begge fylka!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags