Slik er utviklinga. Skal vi berre flyte med straumen?

ENGASJERT: Skal dei som overtek, ha tru på at dei formar si eiga framtid, at det nyttar å engasjere seg, at det er vi menneska som styrer utviklinga, at det ikkje er utviklinga som styrer oss, spør Per Kjelstad.

ENGASJERT: Skal dei som overtek, ha tru på at dei formar si eiga framtid, at det nyttar å engasjere seg, at det er vi menneska som styrer utviklinga, at det ikkje er utviklinga som styrer oss, spør Per Kjelstad. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

– No sukkar dei fleste av oss og seier: Slik er utviklinga. Dei av oss som av og til stiller spørsmål om kor mykje ein skal godta, vert i beste fall rekna som litt tungnæme, som motstandarar av framstega, i verste fall som byrjande senile, skriv Per Kjelstad.

DEL

Debatt No er vi komne attende til det velkjende Vestlandsvêret. Tørketida er over, det byrjar så smått å grønkast på svidde bøar, og det går endå ei veke med regn før vi som er, eller har vore bønder, byrjar å klage over den evige sørvesten.

Det er noko særskilt med vêret. Vi kan klage så mykje vi vil, men vi kan (heldigvis) ikkje gripe inn og gjere noko med det. Vi må godta realitetane, anten vi likar det eller ikkje.

Men skal vi sjå på samfunnsutviklinga på same måten? Både politikarar og byråkratar fortel oss til kvar tid at utviklinga gjer dei og dei tiltak naudsynte. Det er som når lågtrykka frå Nord–Atlanteren slår inn over dei sunnfjordske strender og dalar, vi kan klage, men ingenting gjere. Eg ser at endåtil Firda seier at vi må «godta realitetane, anten vi likar det eller ikkje».

Er det slik at vi har endra oss fullstendig når det gjeld synet på korleis vi sjølve kan, og bør, påverke samfunnet vi lever i. Har vi mista trua på demokratiet? Hugsar nokon eventyret om grisen som skulle få betra levemåten? På heimvegen etter at dommaren hadde lova han «kveite og erter og liggje i silkeseng», greidde reven å hjernevaske han til å seie: «skular og rask og liggje i boss». Det sa grisen då han kom heim att, og slik vart det.

Vi som starta vårt engasjement i organisasjonsarbeid eller politisk arbeid i 1960–åra trudde det var vår rett, ja, nesten plikt, å gjere vårt for å utvikle samfunnet i den leia vi trudde på. Vi trudde på framgang, men at vi måtte ta tak i det sjølve. Vi trudde framgangen skulle kome alle menneske til gode, og vi trudde at vi kunne «gjere ein forskjell», at det nytta å engasjere seg, vi trudde at demokratiet fungerte heilt til toppen. Kanskje var vi naive, men likevel, det var langt betre å tru slik, enn å resignere før ein har prøvd. No sukkar dei fleste av oss og seier: Slik er utviklinga. Dei av oss som av og til stiller spørsmål om kor mykje ein skal godta, vert i beste fall rekna som litt tungnæme, som motstandarar av framstega, i verste fall som byrjande senile.

Lat det så vere, vi får tole det. Eg ønskjer at mange fleire stiller spørsmål ved om denne utviklinga er ei naturlov. Er det rett at velferdsstaten må nedbyggjast i denne tida då vi både privat og offentleg ikkje har magemål på kva pengar som vert brukt? Er det naudsynt å la 100.000 born leve i fattige familiar, er det naudsynt at minstepensjonistane må leve på ei inntekt langt under EU si fattigdomsgrense? Er det naudsynt at helseføretaka må spinke og spare på pasienttransport, på ambulansar og ambulansefly? Er det rett å gjere folk utrygge der dei bur, anten dei ventar på ein fødsel eller dei er gamle og redde for kva som kan skje?

Er det også ei naturlov at distrikta skal vere taparar i alle såkalla reformer, og at alle med makt alltid skal vinne på desse reformene, samstundes som brukarane, klientane, pasientane må finne seg i innstrammingar. Dei må då skjøne at samfunnet ikkje har råd til å sy puter under armane på kven som helst, når dei med størst makt, formue og inntekter treng puter både her og der.

Eg vonar at fleire av oss, særleg blant dei unge, greier å løfte seg over den evige støyen og massesuggesjonen frå alle som vil setje grime på oss og leie oss dit dei vil. Eg vonar at mange prøver å sjå kven som mjølar si eiga kake når dei fortel at utviklinga er slik og slik, og at vi andre berre har å late oss drive med straumen. Vi må lære oss å stille spørsmåla, og ikkje godta fyrste svaret. Vi må prøve å byggje opp solidaritetskjensla i samfunnet, det er ikkje dei svakaste som alltid skal betale prisen.  

No vil vel mange seie, han arbeider for pensjonistane, dei masar nok. Nei, pensjonistane vil nok greie seg nokolunde, iallfall så lenge dei ikkje må inn under knappe offentlege budsjett. Dette gjeld framtida, kven skal ha makta, dei mange eller dei få? Skal dei som overtek, ha tru på at dei formar si eiga framtid, at det nyttar å engasjere seg, at det er vi menneska som styrer utviklinga, at det ikkje er utviklinga som styrer oss?

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken