Posten kjem fram i heile landet

Av
DEL

Meiningar 

Når stortingsrepresentant Siv Mossleth (Sp) meiner det er grunn til å tru at posten går mykje tregare i nokre område av landet, er det ei grunnlaus frykt.

Det er faktisk direkte feil. Dei regionale forskjellane i leveringstid er nemlig kraftig redusert frå 2017 til 2018. Mellom beste og dårlegaste region er forskjellen faktisk halvert. Dessutan er leveringsresultata betre i alle dei fem regionane, og framgangen er størst for region Nord.

Det er eg glad for. Eg legg stor vekt på at heile landet har tilgang til gode og framtidsretta posttenester, og eit likeverdig tilbod av leveringspliktige tenester til overkommeleg pris.

For sendingar med behov for stor grad av presisjon eller sendingar som hastar, finst det andre typar tilbod enn ordinær uregistrert post, både frå Posten og andre tilbydarar. Dette inkluderer mellom anna ekspresstilbod. Det er opp til den enkelte avsendar å avgjere kva som er best for det behovet han har.

Omstillingane av posttenestene dei siste åra handlar ikkje om politikarar som ønsker å redusere tenestetilbodet. Dei handlar om at folk og bedrifter i større og større grad sluttar å bruke tenestene. Ja, dei har faktisk fått e-post i staden.

Til trass for omstillingane brukar vi på grunn av stupande brevvolum stadig meir offentlege pengar eit tenestenivå som stadig færre brukar og er avhengige av. Men for dei som framleis har bruk for det, skal vi ha eit godt, likeverdig tilbod i heile landet.

Les også: DEBATT: Posten skal hva? og Avisa skal fram

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags