Når det vanlege ikkje er godt nok

VANDRARHALLEN: I 2011 svarte dåverande statsminister Jens Stoltenberg (Ap) på spørsmål frå Marte Wexelsen Goksøyr (t.v.) som har Downs syndrom på Stortinget. – Den politiske bodskapen hennar bøei verken kommentert eller diskutert. Utviklingshemma blir ikkje tildelt ein reell plass som politiske medborgarar, skriv kronikkforfattaren.

VANDRARHALLEN: I 2011 svarte dåverande statsminister Jens Stoltenberg (Ap) på spørsmål frå Marte Wexelsen Goksøyr (t.v.) som har Downs syndrom på Stortinget. – Den politiske bodskapen hennar bøei verken kommentert eller diskutert. Utviklingshemma blir ikkje tildelt ein reell plass som politiske medborgarar, skriv kronikkforfattaren. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Er målestokken på eit vellykka inkluderande samfunn, eit samfunn der utviklingshemma deltek på alle arenaer?

DEL

Kronikk

Ved å svara ja til dette spørsmålet, er min påstand at vi krev at utviklingshemma må overprestere for å vera gode nok. Korleis kan eg sei det? Underforstått hevdar eg då at her er nokre arenaer som ikkje kan bli tilgjengelege for utviklingshemma. Nedsette kognitive evner har konsekvensar for samfunnsdeltaking, men dette er tabu å snakke om.

La meg ta to eksempel på samfunnsdeltaking som utfordrar: Runar Søreide Skogedal stilte til val for SV ved kommunevalet i 2015. I intervjuet på Vestlandsrevyen fekk vi vite valkampsakene hans: godt vêr, at vennene hans skulle ha arbeid, og at alle skulle vera snille. Ei tolking kan vera at hans viktigaste saker var: klima, arbeid til alle og fred. Norsk forbund for utviklingshemmede (NFU) seier det er bra at han stiller til val fordi det er historisk. Det er heilt rett, det er historisk. Men Skogedal vart ikkje valt, kvifor enda det der?

Marte Wexelsen Goksøyr; skribent, forfattar, skodespelar og lobbyist, stilte opp i Stortinget sin vandrarhall for å ytre si meining om sorteringssamfunnet og selektiv abort. Ho har Downs syndrom, og på genseren hadde ho påskrifta «Utrydningstruet». Media var med. Kritikken som kom i etterkant frå Arbeidarpartiet, vart retta mot Kristeleg Folkeparti som hadde invitert henne inn i Vandrarhallen.

Eksempla er ulike, men dei har likevel noko likt ved seg. I begge tilfella vart det politiske bodskapet deira verken kommentert eller diskutert. Det er øyredøyvande taust, frå meiningsmotstandarar og kritisk presse. Utviklingshemma blir ikkje tildelt ein reell plass som politiske medborgarar.

Som deltakar i offentleg debatt må ein ha retorisk agency, eller handlekraft.Det er eit omgrep som på den eine sida handlar om deltakaren sine evner til nå gjennom med sin bodskap. På den andre sida er deltakaren si tale avhengig av å bli lytta til. Det kan vere reint språkleg, men også like viktig er av kven, og i kva samanheng, talen blir framsett i. Faktorar ved individ og samfunnsstruktur blir vesentleg.

Lat meg spørje deg: Dersom partiet ditt hadde nominert ein med utviklingshemming på topp, altså sikker plass, ved kommunevalet, hadde du stemt på partiet ditt utan å endre lista? Svarar du nei, så er dette eit eksempel på at utviklingshemma har svak retorisk handlekraft. For retorisk handlekraft ikkje er noko ein kan ta, berre fordi ein er gitt plass på ei politisk liste. Ein må bli valt også. Difor kan ein ikkje vedta at utviklingshemma skal vera på alle politiske arenaer, slik NOU (2016: 2017) – På lik linje har trekt opp som framlegg til ny politikk.

Også innan forsking er det ei uttalt forventing at utviklingshemma skal delta i forsking om seg sjølv, også frå dei som tildeler forskingsmidlar. Grunntanken er at forsking skal bidra til frigjering. Inkluderande forsking, er ein forskingstradisjon som involverer utviklingshemma som medforskarar. Med vekt på «med», der sjølvstendig rolle som forskar ikkje er mogleg.

I forskingsartiklar om inkluderande forsking finn eg ikkje nokon referansar som handlar om forskingskvalitet, men meir fokus på kva verdi det har. På same måte som utviklingshemma sine politiske saker blir borte i politikken, så blir argumentet om at medforsking fører til betre forsking, borte. Poenget er berre deltaking – ikkje kva utviklingshemma kan bidra med. Deltaking er noko forskarane kan smykke seg med å få til, men stemmene til dei utviklingshemma blir ikkje sett som reelle bidrag.

Det er eit paradoks at vi arbeider hardt for å tilby utviklingshemma aktverdige posisjonar, som forskarar og politikarar – posisjonar som få personar i samfunnet elles oppnår. Gjer vi eigentleg utviklingshemma ei bjørneteneste når vi tilbyr dei posisjonar som dei ikkje kan handtere på eiga hand? Folk flest er ikkje politikarar og forskarar. Betyr dette at det vanlege ikkje er godt nok for personar med utviklingshemming?

Utviklingshemma si deltaking i politikk og i forsking kan sjåast som symbolsk inkludering. Symbolsk fordi bidraget deira ikkje får tyngde. Kva hamnar i skuggen? Eg trur at det er lettare for samfunnet å drive med symbolsk inkludering, enn å gje utviklingshemma reell inkludering der det er mogeleg.

I dag er det slik at økonomisk likestilling ikkje er oppnåeleg for dei fleste med utviklingshemming. Levekåra er under sterkt press. Paradokset blir slåande: I symbolsk inkludering er ikkje det vanlege godt nok for utviklingshemma, samtidig som det vanlege i praksis er for godt når det gjeld økonomi. Slik skapar samfunnet eit varig utanforskap for personar med utviklingshemming. Dei får vere med, men det er berre på liksom.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags