Menneskeverdet står på spel

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

MeiningarDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Dei siste vekene har me sett stadig fleire ungdomsparti ta til orde for ei abortgrense som i endå større grad enn dagens grense utfordrar sjølve tanken om menneskeverdet.

Lista er trasig lesing for oss som kjempar for menneskeverdet:

Sosialistisk Ungdom har tidlegare gått inn for å utvide retten til sjølvbestemt abort inntil 16. svangerskapsveke. Eit samrøystes sentralstyre i AUF føreslo nettopp å utvide abortgrensa til 18 veker. Nokre dagar seinare føreslo Unge Venstre å innføre fri abort til 24 veker. Nyleg vart det også kjent at FpU vedtok det same som AUF på sitt landsmøte i april.

Ungdomsparti skal takast på alvor. Difor skal forslaga deira også takast på alvor. For min del gjer forslaga meg endå meir motivert til å kjempe for KrF sin politikk for eit sterkare livsvern. Ungdomspartia sine forslag vil rokke ved mennesket sin ukrenkjande verdi, slik at omgrepet menneskeverd nesten heilt vil miste si meining. Forslaga frå ungdomspartia er så radikale at dei ikkje berre flyttar grenser som er til for å verne menneskeverdet, men konsekvensen kan bli at desse grensene vert fullstendig utraderte. Me må ikkje berre late oss provosere av forslaga, men ta opp kampen og kjempe mot dei.

Det kan nesten verke som om fleire av forslaga ikkje er gjennomtenkte. Grunnen til at eg seier det, er at eg håpar at t.d. Unge Venstre ikkje heilt har tenkt gjennom sitt forslag om å innføre fri abort til 24 veker. Kan dei verkeleg meine dette samtidig som dei veit at helsepersonell på norske sjukehus no kan redde barn heilt ned i veke 21? Meiner dei verkeleg at barn som kan overleve sjølv utanfor mors liv, som sjølv kan puste, føle og tenke – skal kunne takast livet av? Eg vel å tru at forslaga ikkje er gjennomtenkte, men er likevel sterkt kritisk til at ein kan føreslå så radikale endringar utan å ta innover seg konsekvensane.

Frå KrF sitt perspektiv går desse forslaga i heilt feil retning. Eit velgrunna forslag er å gje barn i mors liv sterkare rettsvern. For mykje har endra seg sidan dei oppheita abortdiskusjonane på 70-talet. Den største og fremste endringa er at legevitskapen har utvikla svært sofistikerte metodar for å redde barn som blir fødde alt for tidleg. Barn som på 70-talet vart fødde for tidleg og som ikkje kunne bli redda, kan no overleve. Desse barna treng et styrka rettsvern – ikkje ei ytterlegare svekking!

KrF kan og skal kjempe mot desse forslaga. Det som gjer Norge til eit av dei mest inkluderande og gode samfunn å bu i, er mellom anna at tanken om menneskeverdet står sterkt her. Eg trur ikkje Norge vil bli eit betre land å bu i, dersom ungdomspartia sine framtidsbilde vert gjennomførte

Det er også interessant å sjå at dei menneskeverdsfiendtlege forslaga kjem frå både høgresida og venstresida. Det viser tydeleg at KrF si stemme i desse debattane ikkje berre er viktig, men heilt avgjerande for å sikre at menneskeverdet skal stå fast i framtida også.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags