Forsiktig, Hareide!

LEIAREN: – Eg har lese Hareide sin tale, og er mellom dei som er svært imponert av partileiaren! Men utspelet om retningsendring er eg tydelegvis ikkje åleine om å stusse på, skriv Sivert Jan Ommedal.

LEIAREN: – Eg har lese Hareide sin tale, og er mellom dei som er svært imponert av partileiaren! Men utspelet om retningsendring er eg tydelegvis ikkje åleine om å stusse på, skriv Sivert Jan Ommedal. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Debatt  

Trass i at KrF har vore synlege og fått mykje politisk gjennomslag, ser ein at KrF den sist tida har tapt oppslutnad og mister medlemar. Uklare signal om retningsval, støtte til upopulær regionreform og ei mykje omtala vigsle kan vere nokre av fleire årsaker. No vil Hareide vurdere samarbeid mot venstre. Er det lurt?

Innanfor partiet ser ein to ulike innfallsvinklar til utfordringane. På den eine sida: Korleis bruke partiet sin posisjon til å få maks politisk gjennomslag. Og på den andre sida: Enkelte vegval vil ha manglande støtte, og kva konsekvens har det å ikkje ha veljarane i ryggen?

Eg har lese Hareide sin tale, og er mellom dei som er svært imponert av partileiaren! Men utspelet om retningsendring er eg tydelegvis ikkje åleine om å stusse på. Jau då, resonnementet verkar overbevisande. Men reaksjonane i etterkant syner vel at ein kan stille spørsmål om kor taktisk regien i dette var. Mange profilerte KrF-arar kjem no må på banen for å «roe gemytta». Det er ikkje eit godt teikn. Ja, leiarar skal syne veg. Men det er minst like viktig å kjenne sine veljarar, og ta dei på alvor.

Knut Arild Hareide er klok. Han har ofte rett. Men når «Maria» og «Johannes», som har vore medlemer heile sitt vaksne liv, melder seg ut av partiet; då har også DEI rett. Grunnfjellet i KrF består av svært trufaste medlemar. Når dei som har vore medlemer i fleire tiår melder seg ut, er det ikkje ei impulshandling. Dei har kanskje kjent misnøye over tid, men venta i det lengste, fordi dei ikkje har andre stader å gå. Så kan ei sak der partiet kompromissar med det som for den enkelte er grunnleggjande verdiar og vegval, vere umogleg å leve med.

Dersom ein ønskjer at KrF sin politikk skal få gjennomslag, tenkjer eg sjølvsagt at å melde seg ut er det siste ein bør gjere. Fordi det er ingen andre parti som KrF på Stortinget. Ein bør heller bli verande, eventuelt melde seg inn, og påverke. Meiningsfellar: Gjer det!

Men så må også leiinga i KrF forvalte veljarane sin tillit med klokskap. Partiet har ikkje råd til politiske eksperiment. Sjølv om KrF har stor politisk makt akkurat no, kan endra maktbalanse mellom partia ved neste stortingsval kan parkere KrF heilt på sidelinja. Eller at KrF er ute av rikspolitikken.

Mitt syn i regjeringsspørsmålet er dette:

1: KrF kan ikkje gå inn i dagens regjering. KrF har lova at det ikkje vert aktuelt å vere i regjering saman med FrP. Å bryte ein så tydeleg og viktig lovnad gjer ein ikkje ustraffa.

2: KrF kan ikkje gå i regjering saman med AP, med SV på lasset. Vissa om fullstendig disharmoni i viktige verdispørsmål gjer at mange «ser raudt» berre ved tanken.

Regjeringssamarbeid med fløypartia, uansett side, vil gjere KrF sjølv til ein outsider og kamelslukar. Dei ulike fløyene innanfor partiet har vore, og vil framleis vere der. Men no er tida inne for å samle rekkene og dyrke si eiga sjel.

KrF høyrer til i sentrum. No er maktbalansen på Stortinget slik at ingen regjeringsalternativ klarar seg utan KrF. Difor bør KrF framleis stå fast på, og arbeide for ei sentrum-Høgre regjering. Å ta ei nøkkelrolle i sentrum, og invitere sentrumskameratane tilbake, trur eg er det einaste alternativet som gjer partiet relevant vidare framover. Å plassere seg sjølv i posisjon, i sentrum av «sin eigen» politikk, kan føre KrF tilbake i god gamal form.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags