Førde får flest nye 80-åringar i Sunnfjord

FLEIRE: Ingen plass i fylket vil talet på nye 80-åringar stige tilnærmingsvis så mykje som i Førde, med ein forventa auke på 185 % fram til 2040. Dette vil sjølvsagt då også ha dramatiske konsekvensar for handlefridom og bør vel også ligge til grunn for planlegging framover av samfunnet her? Det er då neppe nye idrettsanlegg som bør stå i høgsetet? spør artikkelforfattaren.

FLEIRE: Ingen plass i fylket vil talet på nye 80-åringar stige tilnærmingsvis så mykje som i Førde, med ein forventa auke på 185 % fram til 2040. Dette vil sjølvsagt då også ha dramatiske konsekvensar for handlefridom og bør vel også ligge til grunn for planlegging framover av samfunnet her? Det er då neppe nye idrettsanlegg som bør stå i høgsetet? spør artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

Meiningar21. mars møtte ordførar Grotle befolkninga i eit ope møte. Her kom det fram ønskjer om ny symjehall, fotballstadion, parkering og den store bru-diskusjonen var framme. Sidan eg ikkje var til stades, skal eg prøve å stille eit spørsmål knytt til eldreomsorg framover.

Førde vart i 1965 peika ut som vekstsenter, og fekk også i tida etter ein stor folkevekst mykje gjennom tilflytting, og der bygging og utvikling av Sentralsjukehuset var ein viktig komponent. Men tida går og mange av desse blir eldre, og i motsetning til gamle elefantar gøymer dei seg ikkje vekk og døyr av svelt når den siste tyggetanna er borte. Slik er det ikkje med mennesket, og den forventa levealderen ved fødsel er forventa å stige enno meir framover, 4 år for menn og 3 år for kvinner fram til 2040.

Difor er elefanten i høve ressursbruk og budsjett i kommunane blitt utgiftene til helse- og omsorg, og i all hovudsak gjeld dette pleie- og omsorgsdelen. I ein del kommunar utgjer dette no halvparten av dei samla utgiftene og andelen vil truleg berre auke framover ettersom den såkalla «eldrebølga» slår innover. Det handlar om netto utgifter på rundt kr 40.000 pr. innbyggar i kommunen.

Det avgjerande for kva ein «ønskjer» seg framover blir difor talet på nye 80-åringar og eldre, då det er særleg frå denne alderen av at behova for tenester frå det offentlege aukar.

I denne samanhengen er Førde kommune i ei særstilling ved at «berre» rundt 30 % av utgiftene i dag går til helse- og omsorg (om lag 24.000 kr pr. innbyggar, medan tilsvarande i Aurland kommune er nærare 53.000 kr.).

Korleis vil situasjonen bli for noverande Førde kommune framover dersom vi skal lite på prognosane til Statistisk sentralbyrå? Jau, ingen plass i fylket vil talet på nye 80-åringar stige tilnærmingsvis så mykje som her, med ein forventa auke på 185 % fram til 2040. Dette vil sjølvsagt då også ha dramatiske konsekvensar for handlefridom og bør vel også ligge til grunn for planlegging framover av samfunnet her? Det er då neppe nye idrettsanlegg som bør stå i høgsetet?

Med klimaopprør mellom dei unge, og dramatisk reduserte inntekter frå oljeverksemd framover er det også lite truleg at staten berre kan fortsetje å kompensere auka utgifter til eldreomsorga gjennom auka overføringar til kommunane.

Men kanskje er det ei viss trøyst i at når ein får kommunesamanslåinga i Sunnfjord så vil dei omkringliggande kommunane med mindre vekst i 80-åringar (Gaular 99 %, Naustdal 85 % og Jølster 72 %), i noko grad verke avdempande ved at auken blir fordelte på fleire. Slik sett har kanskje Førde kommune mest å vinne på denne?

Kva faktorar kan endre seg framover i dette?

Framskrivinga av talet på eldre vil truleg vere rimeleg sikkert, då det generelt er liten mobilitet ut av kommunane for desse, og mest truleg vil også den forventa levealderen fortsette å auke framover. Den samla befolkningsutviklinga er meir usikker, og berre Sogndal ser i dag ut til å gå mot ein klar auke i denne framover. For heile nye Sunnfjord kommune er det vel berre forventa ein folketalsvekst på rundt 1500 i perioden fram til 2040. Det vert altså ikkje så mange fleire å fordele omsorgsbyrdene på.

Ein mykje omdiskutert mekanisme er det som vert kalla «kompresjon av sjukdomsperioden». Bakgrunnen for dette er at eldre har blitt gjennomgåande friskare med tida, slik at perioden med hjelpebehov kan flytte seg oppover i alder. Andre stikkord er utvikling av velferdsteknologi og endra organisering av tenestene som gjer at desse kan leverast til mindre kostnader.

(Kjelde: Samhandlingsbarometeret)

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags