Føllings føreseielege fylkesflokar

Det er forstemmande å sjå at medan fylkesordføraren i Hordaland allereie driv med skadeleg høgtenking om eit endå større fylke som òg inkluderer Sunnmøre og Rogaland, så har vi ikkje sett teikn frå Følling til førebuing til omkamp over samanslåinga av Sogn og Fjordane og Hordaland, skriv artikkelforfattaren

Det er forstemmande å sjå at medan fylkesordføraren i Hordaland allereie driv med skadeleg høgtenking om eit endå større fylke som òg inkluderer Sunnmøre og Rogaland, så har vi ikkje sett teikn frå Følling til førebuing til omkamp over samanslåinga av Sogn og Fjordane og Hordaland, skriv artikkelforfattaren Foto:

Av
DEL

LesarbrevRundt omkring i landet har Senterpartiet-politikarar vore tydelege motstandarar av regionreforma. I Sogn og Fjordane derimot, så har dessverre fylkesordføraren vår ytt lite motstand mot denne skadelege reforma.

Då fylkestingsfleirtalet i Sogn og Fjordane gjorde det fatale vedtaket om å gå for samanslåing av Hordaland og Sogn og Fjordane, så kunne Jenny Følling (Sp) ha komme med framlegg om å la folk i Sogn og Fjordane få seie sin meining om spørsmålet om fylkessamanslåing i ei folkerøysting. Alle meiningsmålingane synte at ei slik folkerøysting ville ha enda opp med eit dundrande fleirtal mot samanslåing. Men det kom aldri noko slikt framlegg om folkerøysting på fylkestinget.

Fellesnemnda gjør sjølvsagt heilt rett når dei no kritiserer det nye framlegget til inntektssystem som er ute på høyring, og krev fullfinansiering av eksisterande og nye oppgåver for det regionale nivået i Noreg. Desse fylkesflokane for Følling er likevel særs føreseielege. Det har vore standarden i nyare tid at nye oppgåver eller skjerpa krav til tenester kjem med ei underfinansiering. To ferske døme er samhandlingsreforma og den nye bemanningsnorma for barnehagen.

Anders Hamre Sveen

Anders Hamre Sveen

Det er stortingsfleirtalet som har det endelege ansvaret for den skadelege feilkonstruksjonen som har fått namnet Vestland. Det er like vel forstemmande å sjå at medan fylkesordføraren i Hordaland allereie driv med skadeleg høgtenking om eit endå større fylke som òg inkluderer Sunnmøre og Rogaland, så har vi ikkje sett teikn frå Følling til førebuing til omkamp over samanslåinga av Sogn og Fjordane og Hordaland. Det burde ikkje vere så vanskeleg. Eit døme på kva ein kan gjere, kan vere å følgje Troms og Finnmark Ap sitt eksempel og førebu ei skilsmisse allereie no. I avisa Klassekampen kunne ein i desember i fjor lese at Troms og Finnmark Arbeiderparti allereie har inngått ein avtale, kor det mellom anna står at «Troms og Finnmark Ap er enige om at det skal arbeides videre opp mot beslutningstakere i Stortinget for å få opphevet tvangssammenslåingen av Troms og Finnmark fylke». Fylkestingspolitikarane i Sogn og Fjordane kan lære av dette. Sogn og Fjordane bør sjølvsagt snarast mogleg verte ei sjølvstendig region igjen, akkurat slik som både Rogaland og Møre og Romsdal er.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags