Eventyret om Oskeladden som ikkje vann kongeriket

OSKELADDEN: – Oskeladden vann ikkje kongeriket. Men utan å vere klar over det vann han noko anna. Noko som er mykje viktigare, skriv Arild Sætre. Her frå då Knut Arild Hareide var på veg inn til landsstyremøtet til Krf fredag.

OSKELADDEN: – Oskeladden vann ikkje kongeriket. Men utan å vere klar over det vann han noko anna. Noko som er mykje viktigare, skriv Arild Sætre. Her frå då Knut Arild Hareide var på veg inn til landsstyremøtet til Krf fredag. Foto:

Av
DEL

 

MeiningarDet var ein gong eit lite land langt mot nord. I dette landet var det eit bitte lite politisk parti. Partiet ville gjerne hjelpe alle som var fattige og hadde det vanskeleg i heile landet og i heile verda. Men dei greidde ikkje å få fram denne bodskapen så godt som dei ville. Difor var det ikkje så mange som stemte på dei når det var val i landet.

Ein dag fekk leiaren for partiet ein idé.

– Vi må legge frå oss fordomane og gå nye vegar, tenkte han. Ei heil bok skreiv han for å overtyde dei andre i partiet. I tillegg reiste han rundt om i heile landet for å få partimedlemene til å stemme på idéen sin.

Mange i partiet syntest idéen var god. Svært mange utanfor partiet, syntest at det nye vegvalet hans var både klokt og modig. Til og med journalistar og garva politiske kommentatorar syntest at den vesle partileiaren var modig. Ingen politikarar i dette partiet hadde gjort eit slikt vegval før.

Journalistar frå alle fjernsyns- og radiokanalar og alle dei største avisene i landet følgde etter han på hans misjonsferd rundt om i landet. Alt den vesle partileiaren sa og gjorde blei referert i alle nyheitssendingar og aviser og tolka av politiske kommentatorar.

Nesten alle i det vesle landet følgde med på den modige ferda til den vesle «parti-oskeladden» som tolmodig og engasjert drog landet rundt i håp om å vinne kongeriket. Sjølv politiske motstandardar måtte innrømme at dei syntest han var modig.

I tillegg til å synest at den vesle partileiaren var modig og entusiastisk, var det noko anna fleire og fleire gradvis byrja å legge merke til. Partileiaren for det vesle partiet smilte alltid. Han var alltid høfleg mot alle. Han viste med heile sin veremåte at han hadde omsorg, empati og respekt for sine medmenneske. Han snakka fint om alle, også om politiske motstandarar og om dei i partiet hans som ikkje støtta ideen hans.

Den dagen det vesle partiet skulle avgjere om dei ville følge idéen hans, blei nesten som ein nasjonal høgtidsdag. Alle fjernsynskanalar hadde ekstrasendingar, og alle i landet følgde spent med. For dersom idéen til den vesle partileiaren fekk fleirtal ville det føre til at landet fekk ny regjering.

Men det gjekk ikkje slik mange hadde håpa. Den modige partileiaren fekk ikkje fleirtal for idéen sin. Han tapte med nokre få stemmers margin.

Alle såg kor trist han var då han skjøna at alt strevet hans var forgjeves. At han hadde tapt. Alle såg at gråten ikkje var langt vekke då han stod på talarstolen etterpå og forkynte at han no ville trekkje seg som partileiar.

Kjenslene hans var så lette å lese. Alle kunne leve seg inn i korleis den alltid blide partileiaren hadde det akkurat no. På ein underleg måte kjende alle som såg på der og då ein varm følelse i hjartet sitt. Alle, uansett partipolitisk ståstad, kjente i løpet av nokre sekund dei same kjenslene. Medfølelse. Empati. Nestekjærleik.

Då han etterpå klemde motstandarane sine og med eit tårevått smil ønskte dei lukke til, skjøna alle som såg på intuitivt det same:

– Det er slike politikarar vi vil ha. Modige og nytenkande politikarar. Politikarar som evnar å ta av seg fordomsbrillene. Politikarar som i praktiske handlingar syner at dei står for idéane sine. Politikarar som viser både handlekraft og kjensler. Politikarar som lyttar til og respekterer andre sin meiningar. Politikarar som gjennom sine handlingar viser kva empati og nestekjærleik er. Politikarar som har kontakt med både sine maskuline og sine feminine sider. Politikarar som er heile menneske og torer å vise det.

Dermed enda ikkje dette eventyret som dei fleste andre eventyr. Oskeladden vann ikkje kongeriket. Men utan å vere klar over det vann han noko anna. Noko som er mykje viktigare. Han vann hjartet til alle i landet.

Arild R. Sætre

Arild R. Sætre Foto:

Kan bli meir pengar til rassikring? Ap og KrF vil begge ha påplussing

– Vi er forbanna, og no set vi foten ned!

KrF-ordførar: – Det må bli vanskelegare å ta abort

Knut Arild er lagleiar for raudt lag, medan blått lag har Kjell Ingolf på lagleiarbenken

Irene frå Jølster er på vinnarlaget: – Ingen jubel og ingen tårer etter KrF-valet

No er dei på plass på KrFs lagnadsmøte. Brosvik: – Eg er spent 

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags