DEBATT: Styrekrise i IOGT Sogn og Fjordane

Av
DEL

Meiningar 

IOGT står for international organisation of godtemplars, frå gamalt av. Dei var og omtala som avhaldslosjen. I dag er det berre forkortinga som blir brukt, utan at ein legg så stor vekt på kva bokstavane står for.

I dag er det meir kva ein står for og arbeider med som er i fokus. IOGT driv forebyggande prosjekt og sosialt arbeid for å støtte dei som slit med eigne og andre sine rusproblem.

Vi i IOGT jobbar også for ein politikk som kan redusere forbruket og skadane.

Vår visjon er at alle menneske skal leve frie, rike og meiningsfylte liv, og ei verd der rusmiddel ikkje er til hinder for dette.

IOGT har røter meir enn 150 år tilbake i tid,  over heile verda.

Organisasjonen vart starta i Utica i 1851. Før avhaldsrørsla var ei måtehaldsrørsle. Den fyrste foreininga som i hovudsak kjempa mot brennevinet, vart starta i New York så tidleg som i 1808. Til Noreg kom ideen via England. Losje «Første Norske» i Porsgrunn, som Carl Reynolds stiftet i 1877, er fortsatt i arbeid.

Før var her omtrent ein losje i kvar einaste bygd med til svarande barnelosje.

No er det blitt færre av dei både i kommunane rundt og i fylka våre, ikkje minst her i vårt eige fylke.

IOGT Sogn og fjordane og Stryn IOGT er no på jakt etter nokon som kan fylle styreplassane til dei som sit der i dag.

Dei har sete i mange år og ynskjer å få avløysing i jobben dei har hatt. Vi er i ein veldig vanskeleg situasjon der ein i verste fall kan bli nøydd å legge ned fylkeslaget og lokallag om ingen melder seg til å vere med i det nye styret.

Ver ikkje redd for å ta kontakt om du har lyst å bidra.

Håper at nokon av alle medlemmane vi har i  IOGT Sogn og Fjordane ser viktigheita av å ta stafettpinnen videre slik at vi i framtida og har eit fylkeslag for IOGT Sogn og fjordane.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags