DEBATT: Noreg utan EØS

Av
DEL

LesarbrevJa-sida er spekka med personar i maktposisjonar. Dei har alt dei viktige svara på spørsmål om EØS.

Svar 1: Det finst ikkje alternativ til EØS.

Min merknad: Ja, ja, fullt medlemskap i EU er eit alternativ, men ja-sida innser at ei ny folkerøysting vil gje dei eit tredje nederlag, som vil vere det endelege nederlaget.

Svar 2: Vi MÅ ha EØS for å få selt varene våre til EU.

Min merknad: Haugevis av land sel til og kjøper frå EU utan å ha måtta avstå deler av sitt sjølvstyre slik Noreg har gjort med EØS-avtalen. Bortsett frå olje og gass kjøper Noreg mykje meir frå EU enn dei kjøper frå oss. Skulle EU ønskje å behandle stjernekunden deira, Noreg, dårlegare enn dei behandlar andre land? Merkeleg!

Svar 3: EU vil uansett ikkje vere interessert i å lage ein ny avtale med oss.

Min merknad: EØS-avtalen gjev både EU og Noreg rett til å seie opp avtalen med eit års varsel. Brukar vi denne retten, meiner visst ja-sida at EU ikkje vil tinge fram ein ny avtale med oss. Med andre tingar dei stadig fram nye avtalar, som begge partar kan vere nøgde med. EU har dei seinare åra inngått ei rekkje slike avtalar med land rundt i verda, med Sør-Korea, Japan og Canada som dei nyaste. Merkeleg!

EU-styring gjev misnøye i EU-land

Heilt sidan Romatraktaten i 1957 har målet vore å utvikle ein marknad med fire grunnleggjande fridomar: Varer, tenester, kapital og arbeidskraft skal fritt kunne krysse statsgrensene. Utslaga av denne økonomiske politikken varierer frå land til land. Den store vinnaren er Tyskland. Men misnøya er stor i mange land.

Nokre døme; Når Storbritannia, den femte største økonomien i verda, bryt ut av EU, er det ei storhending. Italia er også ein stor økonomi, den åttande største i verda. Landet har ei statsgjeld tilsvarande 130 prosent av brutto nasjonalproduktet, medan maksimumsgrensa sett av EU er 60 prosent. EU pressar Italia hardt for å få dei til å skjere kraftig ned på statsbudsjettet og redusere statsgjelda. Hellas er for lengst pressa ned i fattigdom. Spenningane innan EU er mange og store., og dei veks.

Auka ulikskap i EU

Gjennom EØS får Noreg uhemma import av EU sin økonomiske politikk. Pengane skal styre. Altså solid høgrepolitikk. Denne politikken rammar folk flest. Frå alle EU-land fortel undersøkingar det same; ulikskapane mellom folk aukar. Dei rike får kolossale skattelettar, medan talet på fattige aukar. Det er usikkert kva krefter som vil dominere den spennande rørsla «Dei gule vestane» i Frankrike. Ei mogeleg utvikling er at rørsla vil protestere mot den auka ulikskapen, der dei rike tileignar seg meir. Og vil rørsla vekse i fleire land?

Glade i handlingsrommet

EØS- avtalen inneheld ein vetorett mot samfunnsomformande EU-lovgjeving som ikkje er ønskjeleg sett frå norsk side. Både Arbeidarpartiet og Høgre snakkar om kor viktig dette såkalla handlingsrommet er. Ap har ein gong røysta imot eit AU-direktiv, det tredje postdirektivet, etter eit grasrotopprør i partiet og LO. Høgre har aldri røysta mot eit einaste EU-direktiv.

Fordelane ved å gå ut av EØS er openberre

Attvunnen nasjonal sjølvråderett. Likeverdig samarbeid med EU, ikkje underordning. Bort med Esa og EFTA-domstolen. Høgsterett ville atter vere høgste domstol i Noreg, Arbeidslivsområdet og fleire andre sektorar ville ikkje lenger vere underlagt EU sitt regelverk. Eit Noreg utan EØS kan sjølvsagt velje gjennom Stortinget å vedta nøyaktig EU sine lover og regelverk på område der Noreg meiner dette er det beste for oss.

Er EU ufornuftig?

Ja-sida har ei merkeleg negativ oppfatning av EU. Dersom Noreg seier opp EØS-avtalen, vil ikkje EU lenger leggje vekt på kor gunstig samhandel og samarbeid med Noreg er for EU. Vi er eit stabilt land som leverer ein stor del av olje og særleg gass EU treng. Vi kjøper klårt meir bearbeidde varer frå dei enn dei frå oss. Men seier vi opp EØS-avtalen, forsvinn slike saklege argument. Då vert det viktigaste for EU å straffe Noreg. Straffe deira superkunde! Eg vil avslutte her med å spørje ja-sida om kvifor dei har denne merkelege oppfatninga av EU.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags