Bakkebø utanfor alt sakleg

Erik Solheim, Naturvernforbundet Sogn og Fjordane

Erik Solheim, Naturvernforbundet Sogn og Fjordane Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

DebattLeon Bakkebø, leiar i Sogn og Fjordane Næringsråd, øser seg i Firda kraftig opp over at Gjengedalsvassdraget får renne utan kraftverk. Det er visst ein skavank ved landet at han ikkje får sin vilje til å legge elva under torva.

Regjeringa hadde svært gode grunnar til å avvise søknaden frå Sogn og Fjordane Energi (SFE). Knappe 150 GWh straum var ikkje nok til å forsvare utbygging. Regjeringa seier dei vil utnytte fornyelege energikjelder. Samstundes må vi ta vare på verdfulle landskap og biologisk mangfald, seier olje- og energiminister Terje Søviknes, og legg til: I denne saka har vi lagt avgjerande vekt på biologiske mangfald og Gjengedalsfossen som landskapselement.

Gjengedalsfossen er av stor nasjonal verdi, sa klima- og miljøminister Ola Elvestuen etter vedtaket. På grunn av uvanleg stort naturmangfald og kvaliteten som landskapselement er det viktig at vi let dette området vere urørt. Vi tar nå vare på store naturverdiar, sa statsråden. 

Gjengedalsfossen og gjelet nedanfor er ein rik naturtype som fylket ikkje har maken til nokon stad – og kanskje ikkje landet har det. Plantelivet er uvanleg rikt, og i elva lever ein av våre mest robuste laksestammar.   Slikt skal våre styresmakter etter lova ta omsyn til, og dei gjer det ikkje i utide. 

I sin «Regional plan med tema knytt til vasskraftutbygging» frå 2012 seier også fylkeskommunen at «fossesprøytsoner og bekkekløfter med stor verdi (A), samt villreinområde, skal ha prioritet 1». Ei slik fossesprutsone er det ved Gjengedalsfossen. Men så snart det kjem til konkrete saker, glir også eigne planar ut av det politiske synsfeltet i fylkesutvalet.

Når Bakkebø kjem med påstandar om at fylket vert ei verna bedrift – eller det som sikkert verre er: verna i hel – er han langt utanfor alt som er sakleg rimeleg. Sogn og Fjordane er eit av dei tre største kraftfylka i landet, med vel 11 prosent av elproduksjonen i landet – og to prosent av folketalet. I 2015 hadde dette fylket desidert flest løyve til å byggje fleire kraftverk, og flest søknader som enno venta på avgjerd enn noko anna fylke. Å krevje meir utbygging for at fylket skal få sin del, bør Bakkebø vite er utan forstandig meining. Sogn og Fjordane har ingen grunn til å framstille seg som tapar, tvinga til armod av vassdragsvern. 

Spørsmålet er meir kvifor dei store kraftmengdene viser så lite igjen i sysselsetting og inntekt. Større fabrikkar og slikt vart det berre i Årdal, Høyanger og Svelgen, med ei historie som ingen kopierer i dag. Dei store kraftverka i Sogn er det stort sett eigarar utanfor fylket som skummar den økonomiske fløyten av. Den økonomiske nytta av straumen er alltid der kraftlina endar, ikkje i det verket ho startar. Ei rekkje småkraftverk er det Småkraft og andre, fjerne selskap som eig. Småkraft er jamvel selt til Aquila, eit tysk finans- og pensjonsfond. Sognekraft fekk så mange konsesjonar at direktøren ville kvitte seg med nokre verk for å få pengar til å byggje nye. Vindkraftkonsesjonane har nesten berre fjerne eigarar. Midtfjellet i Fitjar er nedbygt av vindturbinar, og to norske medeigarar måtte skrive ned fleire hundre millionar kroner i tap. Kraftbransjen har gjort seg til ein enkel råvareleverandør med så stor produksjon av prisane er pressa ned. I Sogn og Fjordane sysselset dei 700–800 menneske. Leon Bakkebø kjem sanneleg ikkje med byggjande næringsråd.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags