DEBATT: Vi skal ikkje bruke narkotikahundar på førebyggande-dagar i skular i Sogn og Fjordane

FØREBYGGJANDE ARBEID: Den 6. november vart det gjennomført ein førebyggjande dag ved Flora vidaregåande skule. Det er over 500 elevar ved skulen, så denne dagen måtte nøye planleggast frå politiet si side. Det vart sett inn mykje ressursar med politi, politistudentar og to politihundar. Det har skapt stor debatt.

FØREBYGGJANDE ARBEID: Den 6. november vart det gjennomført ein førebyggjande dag ved Flora vidaregåande skule. Det er over 500 elevar ved skulen, så denne dagen måtte nøye planleggast frå politiet si side. Det vart sett inn mykje ressursar med politi, politistudentar og to politihundar. Det har skapt stor debatt. Foto:

Av

– Det er viktig med eit klart skilje mellom politiet sitt førebyggjande arbeid og etterforsking med eventuelt bruk av tvangsmidlar som pågriping og ransaking. Ut frå dei vurderingane, har eg sendt ei klar melding til mine medarbeidarar at inntil vidare skal me ikkje nytta narkotikahundar på førebyggjande-dagar på skular i Sogn og Fjordane, skriv Arne Johannessen.

DEL

LesarbrevKva hende eigentleg under den førebyggjande dagen i Florø 6. november?

For politiet er det førebyggjande arbeidet ein hovudstrategi, og i det narkotikaførebyggjande arbeidet er samarbeidet med skuleleiing og elevar svært viktig.

Den førebyggjande dagen i Florø 6. november har fått ekstra merksemd for bruk av narkotikahund.

Som politileiar set eg pris på samfunnsengasjement i høve til politiet sitt samfunnsoppdrag og våre måtar å løysa det på, men i denne saka har eg eit behov for å klargjera ein del fakta.

Laurdag 20. oktober vart det gjort eit relativt stort MDMA beslag i Florø (200-400 brukardoser). Dette hos ei ung jente som er elev ved Flora vidaregåande skule. I etterkant vart det god dialog mellom russepresidenten, skuleleiinga og lokalt politi.

Frå russen si side var det eit sterkt ønskje om meir førebyggjande arbeid. Det vart laga ein skriftleg avtale mellom politi og rektor i høve til gjennomføring av ein førebyggjande dag på Flora vidaregåande skule. Den vart publisert på skulen si heimeside 24. oktober. Der vart det klargjort at politiet kan søka med narkotikahund på skulen sitt fellesareal etter avtale med rektor. Dette hadde også rektor klargjort med Fylkesdirektøren for utdanning.

Politiet hadde konkludert med at det er eit stort problem med narkotika i Florø-samfunnet, heilt ned i ungdomsskulealder.

Den 6. november vart det gjennomført ein førebyggjande dag ved Flora vidaregåande skule. Det er over 500 elevar ved skulen, så denne dagen måtte nøye planleggast frå politiet si side. Det vart sett inn mykje ressursar med politi, politistudentar og to politihundar.

Det vart gjennomført åtte bolkar med informasjon for å nå alle elevane.

Narkotikahund skulle berre søka på fellesareal, og ikkje mot person eller vesker/ting som tilhøyrer elevar. Dette vart gjennomført i samsvar med føringane frå Stortinget i vedtak 485 frå 2013 og skriv frå Riksadvokaten av 18. september 2013. Føringane går i hovudsak på at ein ikkje skal nytta hund på ein måte som har karakter av kontroll eller ransaking, det kan ein berre gjera ved konkret mistanke.

På bakgrunn av Stortinget sitt vedtak signaliserte Justisdepartementet at dei ville gjennomføra ei evaluering av politiet sin bruk av narkotikahundar på skular. Den evalueringa er ikkje gjennomført, og eg ser fram til at den vert sett i verk for å få eit betre og klarare grunnlag for bruk av narkotikahundar på skular.

Utan at det vart gjort direkte søk på personar, markerte våre dyktige narkotikahundar mot to personar. Dette måtte politiet følga opp som si tenesteplikt. Det vart gjort på ein profesjonell og god måte, ikkje minst for å vareta ungdomane sine interesser. Dei er i etterkant følgde opp på rett måte med omsyn til hjelpetiltak og straff.

Mi klare vurdering er at gjennomføringa av den førebyggjande dagen på Flora vidaregåande skule vart gjort på ein god og profesjonell måte.

Det har vore sterkt mediefokus på dette førebyggjande arbeidet, særleg bruken av narkotikahundar. Det har også vore mykje på sosiale medium og saka har verkeleg engasjert. I all hovudsak har det vore mykje støtte til politiet for at ein har eit lokalt politi som tek tak i narkotikaproblemet. Eg registrerer også at ein del blandar inn ein narkotikapolitisk debatt i saka, og då naturlegvis dei som er tilhengarar av ein legalisering av narkotika.

Det er også einskildungdomar som har gått hardt ut mot politiet, men ingen offisielle organ som russestyret eller elevrådet.

Det har vore røyster i debatten som har forsøkt å mistenkeleggjera politiet og kalla den førebyggjande dagen ein fordekt narkotikarazzia. Det tek eg sterk avstand frå. Ingen er tent med den typen debattklima, særleg ikkje ungdomen som slit med narkotikaproblem og som treng sterke vaksne som kan hjelpa dei ut av misbruket.

Stortingsrepresentant Grimstad (V) sende skriftleg spørsmål til Justisministeren den 13.11 i høve til politiet sin bruk av politihundar på skular i førebyggjande arbeid med bakgrunn i det som skjedde på Flora vidaregåande skule.

PÅ SØK: Politihunden «Odin» er Norges beste politihund. Her er den i aksjon på Flora vidaregåande skule.

PÅ SØK: Politihunden «Odin» er Norges beste politihund. Her er den i aksjon på Flora vidaregåande skule. Foto:

Svaret frå Justisministeren kom den 19.11. Det er gledeleg å lesa Justisministeren si vurdering som samsvarar med politiet si vurdering. Justisministeren skriv mellom anna noko om heimelsgrunnlaget som må vera på plass dersom søk er retta mot einskildelevar. Det var aldri aktuelt med direkte søk på person eller gjenstandar denne dagen. Difor er det siste delen av svaret som er relevant, då skriv han: «Dersom søket ikke rettes mot elever eller deres eiendeler, kan narkotikahund brukes til å søke på skolens område. En anmoding eller samtykke fra skolen er tilstrekkelig i slike tilfeller. Elever og deres eiendeler bør holdes atskilt fra slike søk».

Sjølv om eg meiner at politiet gjorde jobben sin ut frå forventningane i lokalsamfunnet, skuleleiinga, russestyret og no Justisministeren sitt skriftlege svar, er det grunn til både refleksjon og erfaringslæring etter dei tilbakemeldingane ein har fått i tillegg til politiet sine eigne erfaringar.

Våre erfaringar syner at det er krevjande å ha med dyktige narkotikahundar på ein rein førebyggjande-dag. Ein kan koma i både juridiske og etiske dilemma. Det er viktig med eit klart skilje mellom politiet sitt førebyggjande arbeid og etterforsking med eventuelt bruk av tvangsmidlar som pågriping og ransaking. Ut frå dei vurderingane, har eg sendt ei klar melding til mine medarbeidarar at inntil vidare skal me ikkje nytta narkotikahundar på førebyggjande-dagar på skular i Sogn og Fjordane.

Dette kan verta endra, men eg vil gjerne sjå om Justisdepartementet no tek initiativ til den varsla evalueringa og eventuelt kva retningslinjer som kjem i etterkant. Det kan også vera konkrete vurderingar mellom skuleleiinga og politiet som gjev grunnlag for bruk av narkotikahund i samsvar med føringane frå Politidirektoratet og Riksadvokaten. Då skal det i så fall vera ei godkjenning frå meg i kvart høve.

Avslutningsvis vil eg presisera at det sterke engasjementet i etterkant av den mykje omtala førebyggjande dagen i Florø, har styrka meg i trua på at lokalsamfunna i Sogn og Fjordane vil jobba saman med politiet for å hindra rekruttering til nye narkotikamiljø.

Me kan slå fast at i mange miljø er det ei aukande liberal haldning til bruk av narkotika, og det bekymrar nok mange foreldre, skuleleiarar og andre ansvarlege vaksne, også politiet er bekymra over denne utviklinga.

Det er ingen fasit eller enkle løysingar på kva som er det beste førebyggjande arbeidet. Men politiet har god erfaring med å vera tatt på dei miljøa som er utfordrande, nytta eit breitt spekter av førebyggjande tiltak, som bekymringssamtalar tidleg for å endra åtferd. I ein del høver endar det med straffesak, men ikkje med eit mål å straffa ein ungdom for narkotikabruk. Politiet/påtale har mange gode verkemiddel ein kan nytta, som påtaleunnlating med vilkår, ungdomsoppfølging eller ungdomsstraff. Dette har ein gode erfaringar med.

Eg kan lova at politiet i Sogn og Fjordane ikkje vil senka sine ambisjonar i høve til det narkotika førebyggjande arbeidet, og det inkluderer sjølvsagt sterkt fokus på dei som sel narkotika og kyniske bakmenn som tenar pengar på andre sine problem.

Arne Johannessen.

Arne Johannessen. Foto:

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags