SSB har framskreve den demografiske utvikling i folket vårt, og 15 år fram i tid, vil det vere fleire personar over 65 år enn under 19 år.

Dette er alarmerande nytt, sjølv om mange har hatt ein gryande mistanke om ei slik utvikling dei seinare år. 

At folk lever lenger enn før, har blitt sett på som eit gode. At 1/4 av påbyrja svangerskap endar i provosert abort, har kvinnefronten -og dessverre også fleirtalet på Løvebakken- sett som eit gode.

Resultatet blir ein skjebnetung demografisk ubalanse, og ei forgubbing utan framtid for landet vårt som demokrati og nasjon.

Biletet av ein ryttar som sit baklengs på hesteryggen og tviheld seg i halen, medan hesten spring dit han vil, er eit illustrerande bilete av Regjeringa.

«Selv om jeg seilte min skute på grund, så var det dog deilig at fare», kan bli regjeringa Solberg sitt ettermæle. 

Og veljarane søv sin Tornerose-søvn så lenge Regjeringa lovar «sirkus og brød».