Pensjonistforbundet Sogn og Fjordane er uroa for utviklinga med vekst i offentlege avgifter og dei økonomiske konsekvensar dette har for pensjonistar og andre låginntektsgrupper.

I Pensjonistforbundet sitt handlingsprogram for 2018–2021 er det under avsnittet om «Skatter og avgifter» peikt på ei utvikling der skattlegginga gradvis blir vridd over mot forbruksskattlegging. Det er tatt med i handlingsprogrammet eit kulepunkt om at «Fellesskapet bør finansieres gjennom progressiv skattlegging og bruk av forbruksskatt bør begrenses».

Temaet er komplisert. Det er fleire aktørar som står for skatt og avgiftsinnkrevjing. Kommunane står for eigedomsskattlegging og kommunale avgifter som kan variere frå kommune til kommune. Nivået er styrt av arealstorleik og liknande, og er berre delvis styrt av den einskilde sitt forbruk. Betalings- og vederlagsstrukturen for helse og omsorgstenester er også ulik i kommunane. Samla er dette er utgifter, som i særleg grad pensjonistane, i liten grad kan styre sjølve gjennom endring av forbruk.

Ser ein berre på statlege skattar og avgifter vil summen av avgifter variere frå mellom 30 prosent til 80 prosent av inntektsskatten, med eit gjennomsnitt på underkant av 50 prosent. Tar ein med kommunale avgifter og kommunal eigedomsskatt blir delen vesentleg større. Totalt vil dette ramme sterkast dei svakaste inntektsgruppene når ein ser på det som blir igjen av «frie pengar» og handlingsrom for den einskilde.

I fleire år har prinsippet med å skatte etter evne vorte svekka. Meir og meir av både staten og kommunane sine inntekter har kome av skatt på forbruk, og ein minkande del av skatt på dei høgaste inntektene og formuane. Storparten av skattar og avgifter på forbruk vert tekne inn på dei mest naudsynte varene, dei som alle må ha for å leve eit verdig liv, anten dei er minstepensjonistar eller har millioninntekter. Samstundes er det aukande eigendelar på helsetenester og kommunale tenester til svakare grupper. Skatteletter på høge inntekter hjelper ikkje minstepensjonistane.

Vi må spørje oss sjølve om vi er på veg bort frå solidariteten i samfunnet, der ein skulle yte etter evne og få etter behov. Utviklinga har i alle høve gått i feil retning i for mange år.

Pensjonistforbundet Sogn og Fjordane hadde denne saka opp til drøfting i styremøte i oktober 2018 og vedtok å sende denne oppmodinga over til Pensjonistforbundet sentralt:

Pensjonistforbundet Sogn og Fjordane vil gjere framlegg om at landsstyret set ned ei arbeidsgruppe der ein ser på det samla skatte- og avgiftsnivået på tvers av forvaltningsnivåa og med særleg fokus på konsekvensar for låginntektsgrupper som pensjonistar.