Rettferdig pensjon no!

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

MeiningarDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Denne hausten skal Stortinget handsame eit viktig forslag om tenestepensjon, som Arbeidarpartiet og SV har sett fram. Den noverande tenestepensjonen i privat sektor er nemleg utforma slik at berre tre av ti arbeidstakar får pensjonsopptening for heile inntekta.

Mange som arbeider i mannsdominerte yrke med høg løn får ofte  pensjonsopptening frå  første kronene. Mens dei som arbeider i typiske kvinneyrke som servering, overnatting, reinhald og varehandel får pensjonsopptening etter lova sitt minimumskrav. Den seier to prosent opptening berre for den delen av inntekta som overstig ein gang Folketrygda sitt grunnbeløp (1G), som for tida er på 96.883 kroner.

Det er om lag ein million nordmenn som ikkje får pensjonsopptening frå første krone. Svært mange av desse er ikkje klar over det sjølv. Det kan gjerne vere deg som les dette innlegget.

Dette er ei blodig urettferdig ordning som heng att frå tida før Pensjonsreforma vart gjennomført i 2011. Eitt av grunnprinsippa i Pensjonsreforma er at vi skal få opptening for all inntekt  gjennom heile yrkeskarrieren. Derfor fjerna Stortinget besteårsregelen og andre regler som avgrensar oppteninga til Folketrygda. Det er på tide å sluttføre Pensjonsreforma ved å sikre at også lågtlønte – og særleg kvinner – får same rettar som det som er vanleg i høgtlønte mannsyrke.

Stortingets finanskomité skal behandle forslaget til lovendring fram til innstillinga blir lagt fram 23. oktober. Vi veit allereie at regjeringspartia Høgre og Frp har vendt tommelen ned for ei rettferdig tenestepensjonsordning, og at Venstre truleg føl etter. Derfor blir det avgjerande kva Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti meiner om saka.

Det er vårt håp at desse to partia ser behovet for eit rettferdig pensjonssystem. Du merkar kanskje ikkje så mykje til dette mens du er i arbeid. Men det er diverre slik at det får konsekvensar for pensjonsutbetalinga når du blir pensjonist.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags