I likestillinga og rettferdas namn–pensjon frå første krone

Espen Berntsen.

Espen Berntsen. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Pensjonsreglane har mange hol og dei råkar dei som sit nedst ved boret. Då «pensjon frå første krone» var oppe i årets forhandlingar mellom LO – NHO, førte ikkje dette fram. NHO meiner det er eit spørsmål om lov, ikkje om tariff.

SV og Arbeidarpartiet har fremja eit forslag til Stortinget der det skal gjevast pensjon frå første krone, slik at alt du bidreg med i arbeidslivet skal gje gevinst den dagen du vert pensjonist. Vondare enn det er det ikkje.

I dag er systemet slik at dersom du tener under grunnbeløpet i folketrygda (kr 96 883,-), har du ikkje krav på pensjon for denne løna. I tillegg vil du ikkje opparbeida deg tenestepensjon dersom du er tilsett under eitt år i eit føretak, ikkje har ei 20 prosent stilling eller meir, eller er under 20 år.

Vi veit at det er flest kvinner som jobbar deltid, i små stillingsbrøkar, skiftar hyppigare arbeidsgjevarar, og har flest permisjonar. Det kan nesten verke som om systemet er rigga mot kvinner.

For folk flest gjer det inga meining at somme grupper skal føle på kroppen ein bodskap som seier: «Vi set pris på innsatsen din, men vi kan berre orsake for at vi dessverre ikkje gi deg ein pensjon slik som kollegaene dine i høgare stillingsbrøk har rett på». Mange kjenner i dag difor på ei stor uro knytt til sitt framtidige tilvære som pensjonistar, så i likestillinga og rettferdas namn må dette verte retta opp i.

Difor følger vi spent Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti i denne saka no i haust. Vil dei stå opp for grupper som går mot pensjonstilværet med ei grad av uro?

Vi har trua.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags