Parkeringsproblem i Førde sentrum sør

PARKERING: Andre næringsdrivande og arbeidstakarar som til no har parkert bilane sine i sentrum sør gjennom arbeidsdagen, må gjerne følgje Helsehuset sitt eksempel med å parkere andre stadar. Dette vil frigje ytterlegare parkeringsplassar for dei som treng dei mest, skriv artikkelforfattaren.

PARKERING: Andre næringsdrivande og arbeidstakarar som til no har parkert bilane sine i sentrum sør gjennom arbeidsdagen, må gjerne følgje Helsehuset sitt eksempel med å parkere andre stadar. Dette vil frigje ytterlegare parkeringsplassar for dei som treng dei mest, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDet har over dei siste vekene vore fleire avisoppslag i Firda om parkeringstilhøva i Førde sentrum sør. Helsehuset Førde held til i Hafstadvegen 36 i sentrum sør. Vi har fleire private næringsdrivande og tilbyr tjenester som blant anna kiropraktikk, fysioterapi, lege og psykolog. Dagleg har vi pasientar som kjem for seint til oppsette konsultasjonar grunna vanskar med å finne parkering. Dei køyrer rundt og rundt i håp om ein ledig plass, og dei forsøker å ta den før bilen bak tek den.

Dei som treng parkering med kort gåavstand er dei med dårlegast funksjonsnivå; rullestolbrukarar og pasientar med t.d. akutte ryggsmerter. Alle som har erfart slik funksjonsnedsetting veit kor viktig det er med kort avstand til der hjelpa er!

Fleire næringsdrivande har etablert seg i Førde sentrum sør dei siste månadene, og dermed har parkeringsutfordringa også auka. Problema som tannlege Laila Claussen i Sentrum Sør Tannhelsesenter opplever, er reelle. Mange av parkeringsplassane i sentrum sør er kommunale, og desse må kommunen sjølv gjere tiltak for så korttidsparkering blir enklare. Ønsker kommunen at der skal vere næringsverksemder i sentrum sør må parkeringstilhøva for kundar, pasientar og tilsette leggast opp så dette blir mogleg.

Helsehuset Førde har gjort eigne grep med at tilsette parkerer på andre stadar i Førde, t.d. på utstillingsplassen, og går nokre meter til sitt daglege arbeid. I tillegg har vi markert alle parkeringsplassane som er tilknytt bygget med skilt «Helsehuset Førde». Dette vil frigje parkeringsplassar som kan nyttast av pasientar den tida behandlinga varer.

Andre næringsdrivande og arbeidstakarar som til no har parkert bilane sine i sentrum sør gjennom arbeidsdagen, må gjerne følgje Helsehuset sitt eksempel med å parkere andre stadar. Dette vil frigje ytterlegare parkeringsplassar for dei som treng dei mest. I tillegg er ein spasertur frå t.d. utstillingsplassen viktig for helsa og ein god start på dagen.

På sør-sida av E39 over vegen for gamle øl-polet er det ein parkeringsplass. Der er det ingen fotgjengarfelt for å krysse E39, og det er risikosport å krysse den sterkt trafikkerte vegbana. Kan strakstiltak frå Førde kommune og Statens vegvesen gjerast slik at der blir fotgjengarfelt over vegen og parkeringsplassen kan nyttast utan risiko for liv og helse?

Dei framtidige utfordringane stoppar ikkje her. I Førde sentrum sør er det planlagt eit «Nynorskens hus» som mellom anna skal samlokalisere NRK, Firda Media og Sogn og Fjordane Teater, i tillegg til fleire andre aktørar. Dette vil vere viktig og styrkande for nynorsken. Ut frå skissene av huset vil eit stort nybygg erobre mykje av dei eksisterande parkeringsplassane som er der i dag. Kva planar har kommunen for å ivareta parkeringsbehovet for både eksisterande og framtidige næringsdrivande?

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags