Øyrane er Førde sitt finaste park- og turområde

Av
DEL
Etter at løken vart kvelt nede ved handelshuset vart vatnet gradvis grunnare i Løken, no gjer kulverten det enda verre på sikt, padlarane held auge med fjære og slikt.
 

LesarbrevØyrane er et område med viktig hekkeområde som no blir ekstra forstyrra, mur langs løken er nok fint sjølv om fuglebestanden helst skal ha siv, det kvitrar og gjev liv. Øyrane er Førde sitt finaste park- og turområde.

Ja, vi kjem oss fort opp i fjella, men ikkje dei på aldersheimen, barnehagar, alle skuleklassane som har utegym eller andre som berre vil på ein spontan tusletur. Ungane får sjå sauer, sparke fotball og gå på skøyter om vinteren. Barn og vaksne morar seg med fjernstyrte fly og hanggliderar daler ned i sky, skal desse lande oppå et funkishus i Førde by?

I alle år har turistar gått runda frå hotellet over Øyrane, eg tviler på at et byggefelt freistar desse. Øyrane er allereie ein stor trivselspark for alle aldersgrupper som ikkje treng å leggast til rette.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags