Blod, lemlesting og død

Av
DEL

Lesarbrev 

Fylkesleiaren for Unge Høgre i Sogn og Fjordane, Vebjørn Leite Olsen, skuldar Raudt og SV i fylket for historieløyse i diskusjonen om Nato. Etter å ha lese teksten er eg ikkje sikker på om eg skal le eller gråte.

Olsen verkar å tru at det var Nato som redda Noreg i 2. verdskrig; «Øvelsen er ein sterk og klar stadfesting på NATOs vilje til å hjelpe oss med å forsvare landet vårt, det så vi tydeleg eksempel under 2. verdskrig, der vi saman kjempa mot nazismen og vi vant.» Som dei fleste veit vart NATO grunnlagt 1949. Han nemner ikkje med eitt ord at Sovjet/Russland var faktisk på vår side, og ytte eit enormt viktig bidrag når det gjaldt å nedkjempa nazistane og fri Noreg.

Vebjørn meiner at Trident Juncture, med sine 50.000 soldatar, tunge stridsvogner og med eit atomdrive hangarskip, viser «at vi ønsker ein fredeleg utvikling»! Trident Juncture er eit ledd i ei farleg militær opprusting, og med på å forsterka eit bilde av at Russland er fienden. Eit innbilt trugsmål frå Russland skal rettferdiggjere denne krigerske galskapen. Trident Juncture er ikkje et teikn på ei fredeleg utvikling, men på det stikk motsette. NATO fører verda inn i eit nytt våpenkappløp, og som eit ledd i denne opprustinga prøver Trump å tvinge alle medlemslanda til å bruke minst 2 prosent av BNP på militæret.

Realiteten er at president Trump, leiaren for det sterkaste og mest aggressive NATO-landet, går inn for å trekka USA frå INF-avtalen, som Reagan og Gorbatsjov skreiv under i 1987. Avtalen innebar eit forbod mot landbaserte kort- (500-1000 km) og mellomdistanserakettar (1000-5500 km), for å redusere faren for ein utslettande atomkrig.

Både forskarar og internasjonale politikarar har beskrive skrotinga av INF-avtalen som ei katastrofal avgjerd. EU åtvarar om at det kan føra mot eit nytt atomkappløp. Sett i samanheng med at NATO gjer som USA vil, og USA gjer som Donald Trump vil, verkar ikkje NATO å vere den beste garantisten for ei fredeleg utvikling i Nord-Europa.

Med atomvåpen trengst det berre éin galning for å utslette millionar av menneske. Då gjev det lita trøyst å vere medlem av NATO, som har forplikta seg sjølv på å vera den fyrste til å bruka atomvåpen i ein eventuell atomkrig.

At Norge har kjøpt og bestilt F-35-fly for enorme summar utan at flya var testa for norske vinterforhold, fortel oss at det kanskje ikkje er interessene til Noreg som blir prioriterte, men interessene til våpenindustrien. Regjeringa vil vise at Noreg er USAs «besteven». Men det er ikkje sikkert at når det kjem til stykket, og atomrakettane dundrar ned, at USA har tid til å vere Norges besteven. Ein ting er sikker, blir det krig, blir det ikkje a la Trident Juncture, med gledesbobbler og smilande generalar i media. Det blir blod, lemlestelse, død og øydelegging.

For å setje ting i perspektiv, kan det vere interessant å vite at Russland reduserte militærutgiftene med 20 prosent frå 2016 til 2017. Deira utgifter utgjer «berre» 8 prosent av utgiftene til NATO-landa. NATO står for 55 prosent av dei totale militærutgiftene i verda. Dette er ifølge SIPRI, det svenske fredsforskingsinstituttet.

Vi i Raudt Indre Sunnfjord, som Raudt elles i landet, ønskjer å melde Noreg ut av NATO. I staden bør vi styrke FN, og arbeide for fred gjennom FN. Vi vil at Noreg skal stø arbeidet mot atomvåpen i hovudforsamlinga til FN. I 2015 vedtok hovudforsamlinga til FN 3 resolusjonar mot atomvåpen, men Noreg støtta ingen av desse. NATO-medlemskap gjer det umogleg for Noreg å arbeida mot atomvåpen.

Lokalt ønskjer vi i Raudt Indre Sunnfjord at nye Sunnfjord kommune skal erklærast som kjernevåpenfri sone, med forbod mot all transport og oppbevaring av atomvåpen i kommunen. Ei symbolsk handling som kan vera med å setja fokus på eit reelt trugsmål mot verdsfreden.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags