Det var feil av politiet å ta med narkohundar på skulen vår

PÅ SKULEN: Tysdag stilte politiet med narkohundar på Flora vidaregåande skule som ein del av det førebyggande samarbeidet mellom skulen, politiet, elevrådet og russen. Men elevrådet ved skulen meiner no at slik saka utvikla seg, så øydelegg ein tilliten mellom ungdom og politiet. Til venstre på bildet er stasjonssjef Wenke Hope og russepresident Solveig Knapstad. Innfelt bilde: Dina Bovim.

PÅ SKULEN: Tysdag stilte politiet med narkohundar på Flora vidaregåande skule som ein del av det førebyggande samarbeidet mellom skulen, politiet, elevrådet og russen. Men elevrådet ved skulen meiner no at slik saka utvikla seg, så øydelegg ein tilliten mellom ungdom og politiet. Til venstre på bildet er stasjonssjef Wenke Hope og russepresident Solveig Knapstad. Innfelt bilde: Dina Bovim. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

– Det kan føre til negative relasjonar mellom ungdom og politiet, og vekke tilliten mellom elevar og skulen, skriv Dina Bovim i elevrådet.

DEL

MeiningarDå politiet var på Flora Vidaregåande skule for å snakke om narkotika og førebyggje misbruk, enda denne aksjonen heilt annleis enn det fleire elevar hadde trudd han skulle. To elevar vart hanka inn av politiet, mistenkte for å ha brukt narkotika, som BT skreiv tysdag.

Før besøket blei dette tatt opp som ei sak i elevrådet. Då verka dette vel og bra, og dei fleste var einige om at dette var ei viktig sak å ta opp. Som nestleiar i elevrådet meinte eg at førebyggande tiltak mot bruk av narkotika både er viktig og relevant, men det var ein reell bekymring om at besøket kunne bli moraliserande, og dermed ikkje ha den effekten vi ønska.

Det vi fekk høyre var at politiet ikkje skulle opptre med ein dømmande peikefinger, men heller informere oss om konsekvensane av å bruke narkotika, både mentalt og fysisk, og kva som kan skje om ein blir tatt for ulovleg bruk. Det vi ikkje blei fortalt om var narkotikahundar som blei tatt med på besøket, og ein aksjon som hadde konsekvensar heilt annleis enn det vi hadde forventa.

Det er mykje som kan bli gjort for å påverke elevar til å ta avstand frå narkotika. Eg trur at å ta inn politiet med narkotikahundar var eit feiltrinn, og at dette kan føre til negative relasjonar mellom ungdom og politiet, samt å svekkje tilliten mellom elevar og skulen. Det blei foreslått å ta inn både helsepersonell og tidlegare rusmisbrukarar som ein del av aksjonen.

Ein kampanje mot rus blant ungdom er viktig, og det er fleire måtar å nå ut til ungdom på. Det å høyre helsepersonell og/eller tidlegare rusmisbrukarar snakke om saka kan kjennast meir konstruktivt enn politibesøk med narkotikahundar.

I ei sak som denne er det viktig at ein tek omsyn til kva elevane sjølve har å seie om saka, og at alle skal føle at skulen er ein trygg plass å vere. Det er lite sannsynleg at elevane som vart tekne under aksjonen tenkjer dette no.

Les også:

Jusprofessor meiner narkoaksjonen på Flora vidaregåande var ulovleg 

Politisjefen: – Viser at hasj ikkje er uvanleg blant ungdom

Politiet skulle informere elevane om narkotika – så markerte narkotikahundane

Skulane tar narkosaka på aller største alvor: – Vi vil ha partydop vekk frå ungdomsmiljøet.

Russepresidenten tek sterk avstand frå partydop: – Det er ikkje kult i det heile tatt! 

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags