Næringsplanen og Nordic Mining

Helge Schei, nærmast

Helge Schei, nærmast Foto:

Av
DEL

Meiningar 

Rolf Sanne Gundersen er ein engasjert og entusiastisk leiar av Sunnfjord Utvikling, og han står bak ein strategisk næringsplan som har mykje godt i seg. Det er bra.

I samband med at næringsplanen nyleg vart behandla i planutvalet i Førde, kom det fram kritikk mot at planen legg opp til ei satsing på Nordic Mining, og selskapet sin plan for mineralutvinning i Engebøfjellet i Naustdal.

Gundersen undrar seg over at medlemer i planutvalet uttrykkjer kritikk mot fokuset på Nordic Mining i planen, og han ber om svar. Det skal han få. 

Dette står å lese i strategisk næringsplan på side 17:

. Selskapet (Nordic Mining. forf. merkn.) skal investere to milliardar kroner på Engebø og dette gir den lokale leverandørindustrien eit godt grunnlag for utvikling og vekst. Etter planen skal arbeidet starte kring 2020. Det er ei prioritert oppgåve for Sunnfjord utvikling å legge til rette for prosjektet og sikre mest mogleg lokal næringsutvikling, infrastruktur…..

Nordic Mining vil dumpe avfallsmassane i sjøen. Dette kallar ein eit deponi, og det er dette det er ein massiv motstand mot. Nordic Mining er ikkje berre nemnt – her står det med reine ord at dette prosjektet som medfører dumping av avfall skal Sunnfjord Utvikling prioritere.

Dette provoserer mange, og det var faktisk eit samrøystes planutval som ville ha ei endring på denne uttalte prioriteringa av Nordic Mining sitt prosjekt. Dette kan ikkje overraske nokon, ikkje eingong leiinga i Sunnfjord Utvikling. I alle fall når der er andre aktørar inne i bildet som vil satse på ei meir berekraftig utvinning av mineralressursane.

Leiinga i Sunnfjord Utvikling må ta inn over seg at Førde bystyre for fleire år sidan samrøystes gjekk mot deponi. Nokre år seinare var det eit overveldande fleirtal som uttrykte det same. Og sist helg var det eit klart fleirtal i Vestland AP som nå tar avstand frå deponiplanane, samstundes som partiet ber Stortinget revurdere utsleppsløyvet. Dette siste punktet om å revurdere utsleppsløyvet er spesielt viktig.

Det må vere problematisk at leiinga i Sunnfjord Utvikling i denne saka er så i utakt, ikkje berre med folkemeininga, men med meininga til eit massivt fleirtal av politikarane i den folkerikaste kommunen som blir råka av deponiet. Dette politiske miljøet er ein viktig premissgivar for Sunnfjord Utvikling.

Åsmund Berthelsen.

Åsmund Berthelsen.

I Fellesnemnda for Sunnfjord kommune vart det også spurt om kvifor ein i næringsplanen opererer med mineralprosjektet,  om ein ikkje var klar over at det var eit prosjekt til. Og eit prosjekt som ser ut til å vere meir berekraftig. Rolf Sanne Gundersen svara at det skulle bli retta, for å gjere spørjaren (Berthelsen) fornøgd. I høyringsutkastet som er sendt ut, står det framleis, «Mineralprosjektet på Engebø».


 

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags