Kven er vi til for?

DEL

LesarbrevFor ei tid sidan var eg innom ei bilforretning i Førde. Det var kø ved skranken, og då eg ikkje hadde tid å vente, gjekk eg ut att.

Kort tid etter fekk eg telefon frå ein av dei tilsette. Han hadde sett at eg var innom og lurte på kva han kunne hjelpe til med.

For nokre veker sidan reiste eg med ei ferje i Sogn, og vart møtt av ei ung jente som smilande kom bort til bilen for å selje billettar.

Kvifor hugsar eg desse to og nokre liknande hendingar? Fordi dei såg meg som kunde og var med å gjere dagen hyggelegare.

I går las eg i avisa om to som skifta lokale for restauranten sin i Florø.

Dei visste ikkje at dei måtte søke nye løyve når dei skifta lokale.

Kommunen oppdaga dette og prøvde å nå dei på telefon på opningsdagen. Når dei ikkje lukkast med dette, sende dei brev.

Ville det vere mogeleg å oppsøke restauranteigaren og informere han om dei papira som må vere i orden? Vi skal hjelpe deg, men alt må vere på plass innan ei veke. I staden får dei politiet til å stenge restauranten på ein søndag. Er det mogeleg å vere fleksibel innanfor dei lovene ein skal følgje? Å ha fokus på kundane mellom paragrafane og regelverket?

Eg har jobba i skulen eit heilt yrkesaktivt liv. Jobben min var å sette eleven i fokus. Sjå han og skape ein trygg kvardag for han, både sosialt og i læringssituasjonen. Lukkast eg? SIkkert ikkje alltid, men eg var aldri i tvil om kva fokus som var forventa av meg.

Eg vart i haust ilagt straffegebyr på ei ferje fordi eg var for sein med å finne billettør og betale billetten. Ferjeselskapet meiner dei var i sin fulle rett. Eg er ikkje jurist, så det veit eg ikkje. Men eit samfunn der vi berre fokuserer på jus og ikkje på service og kundebehandling blir eit kaldt samfunn.

Eg trur vi er til for kvarandre.

Kjell Skaaheim

Kjell Skaaheim Foto:

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags