Miljødirektoratet i sklia

REAGERER: – Førdefjorden er rein og rik på liv i djupet, kanskje den som er i best stand på heile Vestlandet. Dersom slike tilfelle ikkje skal vere nok for Miljødirektoratet til å seie bastant nei, har dei landa i ei pragmatisk sklie, skriv Erik Solheim i Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane i dette debattinnlegget.

REAGERER: – Førdefjorden er rein og rik på liv i djupet, kanskje den som er i best stand på heile Vestlandet. Dersom slike tilfelle ikkje skal vere nok for Miljødirektoratet til å seie bastant nei, har dei landa i ei pragmatisk sklie, skriv Erik Solheim i Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane i dette debattinnlegget. Foto:

Av
DEL

Meiningar

Miljødirektoratet har kome til at forbod mot å dumpe gruveavfall i sjøen, friske fjordar, er ein dårleg idé, om Firda har referert dei rett. Direktoratet vil vurdere i kvar sak kva som er best.

Akkurat det har dei visst vanskar med sjølve. Først rådde dei med klare ord frå å gje Nordic Mining løyve til å plassere det meste av Engebøfjellet i Førdefjorden. Seinare kom dei på andre tankar, og sa ja. Då hadde dei teke omsyn til at mange påstod gruvedrifta ville bli til stor nytte og gagn for samfunnet.

Også artikkelen i Firda gjev inntrykk av at Miljødirektoratet ikkje lenger ser på nei til gruver som eit alternativ, same kva konsekvensane er for naturen. No er deira oppgåve å finne ut kvar konsekvensane er minst, på land eller i sjøen. Å legge massane på land vil koste vesentleg meir, er eit argument direktoratet fører til torgs.

Direktoratet fortelje dei regjerande politikarane kva skade ulike tiltak vil ha på naturen, i tillegg til å avgjere ein del saker etter regelverket som gjeld. No ser dei ut til å vere på det stillet at å seie nei til heile prosjektet er ikkje noko alternativ lenger, same kor store skadar det minst drepande alternativet til ha på den levande naturen.

I naturmangfaldlova har Stortinget sett som mål å ta vare på alle naturtypar der dei naturleg finst, med dei artane som er der. Planter og dyr skal få leve på lang sikt der dei naturleg høyrer heime. Denne lova skal alle offentlege organ legge til grunn i si vurdering av sakene.

Vi har nesten ikkje uforstyrra natur igjen i landet. Talet på insekt, fuglar, fisk og dyr på land stuper dramatisk i heile Europa, utan at nokon kan påvise direkte årsaker. Det samla presset på leveområda er tydeleg for stort; heller ikkje fagfolka har klart å sjå det store biletet med sine avgrensa – trudde dei – saker på bordet. Førdefjorden er rein og rik på liv i djupet, kanskje den som er i best stand på heile Vestlandet. Dersom slike tilfelle ikkje skal vere nok for Miljødirektoratet til å seie bastant nei, har dei landa i ei pragmatisk sklie.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags