Fylkesmannen tek dei små – dei store får gå

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Lesarbrev 

Den siste tida har media vist korleis Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har nekta unge mennesker å bygge hus i sine nærområde i kommunar som Fjaler, Askvoll og Høyanger. Grunngjevingane er tufta på at husa vil legge beslag på sjønært areal og eit mål dyrkbar mark. I tillegg skal den sterkt truga plantearten kystblåstjerne bevarast. Avgjerdene er tufta på gjeldande lov- og regelverk og i sakene let Fylkesmannen omsyna til natur og landbruk gå framfor utnytting til bustadbygging.

Slik sett gjer Fylkesmannen jobben sin, og i det lange løp skal vi alle vere glade for det, i alle høve når vi veit kva mange lokal- og fylkespolitikarar er i stand til å vedta når det gjeld øydelegging av natur og landskap i våre område. Etter at media gjorde sakene kjende, også nasjonalt, har Fylkesmannen vore på synfaringar og skal visstnok sjå på to av sakene på nytt.

Det media ikkje har vist oss er korleis det same fylkesmannsembetet har gjeve vindindustriselskapet Zephyr AS løyve til å rasere 29 kvadratkilometer fjellnatur på Guleslettene i kommunane Flora og Bremanger. Der skal det byggast 39 kilometer vegar (tilsvarer strekninga Florø sentrum - Naustdalstunnellen), det skal sprengast 69 kilometer kabelgrøfter i fjellet (tilsvarer strekninga Florø sentrum - Jølster kommunegrense), forureine 15 vassdrag rundt fjellplatået, inkludert fleire drikkevasskjelder, utan at Zephyr AS treng å søke utsleppsløyve frå Fylkesmannen!

Dette vedtok fylkesmannen 9. august i år etter at Zephyr AS hadde forureina det første vassdraget på anleggsområdet, og blitt meld til politiet for dette – og utan at Fylkesmannen hadde vore på synfaring og sett øydelegginga av det første vassdraget i industriområdet!

Vi snakkar om bygging av det største industrianlegget som nokon gong er etablert i Sogn og Fjordane: Guleslettene vindindustriområde. Fylkesmannen meiner at å forureine mellom anna 15 vassdrag ikkje er grunn nok til at Zephyr AS blir pålagt å søke utslepssløyve der det blir stilt strenge utsleppskrav frå anleggsarbeidet som skal pågå i 2,5 år.

Fire dagar etter at NVE hadde gjeve Zephyr AS løyve til å starte utbygginga av industrianlegget, blei heile vindkraftverket kjøpt opp av verdas største investeringsfond, det amerikanske BlackRock. Industrianlegget på Guleslettene må stå ferdig i løpet av 2020 for at BlackRock skal sikre seg subsidiar på 1000 millionar kroner (sertifikatpris 10 øre/KWh) eller meir, gjennom ordninga med grøne sertifikat som opphøyrer 31.12.2020.

Subsidiane er det det norske folk og næringsliv som finansierer over starumrekninga vi alle betaler kvar månad. Amerikanarane og konsesjonsjegarane i Zephyr AS blir milliardærar, mens vi som bur her i landet betaler. Og lokalt sit vi att med øydelagde fjell, vassdrag og drikkevatn. Ingen har heller bruk for den ustabile vindenergien og den gjev ingen dokumentert klimaeffekt, slik utbyggarane og andre påstår.

For å spissformulere: Kva dersom ein «vanleg» innbyggar hadde installert toalett i ei arbeidsbrakke som skulle brukast ei kort stund og lagt eit avløpsrøyr direkte ut i elva, eller fjæra like ved? Eller lagt inn vatn i eit gamalt sel på støylen med avløpet ut på bakken. Kva hadde Fylkesmannen då gjort? Hadde du fått løyve til slikt, dersom du hadde søkt, eller hadde du fått avslag, eller pålegg og strenge krav om all verdas tiltak med referansar til lover og reglar?

Det er store skildnader i samfunnet vårt. Ein av skildnadane er diverre at fylkesmannsembetet behandlar folk flest på ein strengare måte enn dei mektige, ressursrike og ofte kyniske industriaktørane.

Fylkesmannen tek dei små – dei store får gå. Dette er ein uakseptabel forvaltningspraksis. Fylkesmannen bør snarast sjå på saka om Guleslettene på nytt, gjennomføre synfaring der og gjennomgå og endre eigen forvaltningspraksis dersom dei ønsker legitimitet hos innbyggarane.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags