Eventyret om prestekragen og dei tre trolla

GRØFTA: Slik ein grøftekant kan vere, og slik ser det ut etter at kverktrollet har vore på ferde.

GRØFTA: Slik ein grøftekant kan vere, og slik ser det ut etter at kverktrollet har vore på ferde. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

– Førde blir planlagt med gravemaskin. Som deLillos syng: «De kutter ned tre og bygger parkanlegg her». Det som er att av skaparverk i Førde vert skjøtta av troll, skriv Marit Bendz.

DEL

LesarbrevDet var ein gong eit lite frø som låg i ein grøftekant og akkurat hadde begynt å spire. Små frø veit veldig godt når det er tid for å spire. Dette vesle frøet skulle bli til ein prestekrage – kanskje. Det hadde vore ein hard vår, der det låg i saltsuppa etter alle saltbilane som for langsetter vegen vinterstid. Mange av frøa ikring hadde ikkje greidd å spire, og trea langs vegen hang saltsjuke med krona si. Men no hadde salttrollet krope inn på det inste kontoret hos Vegvesenet att, og regnet hadde skylt bort det verste saltlaget på vegen sin heim til sjøen.

230 tusen tonn salt, som høyrer heime i havet, vart pøsa ut på norske vegar i fjor vinter. Miljødirektoratet innrømte allereie for fire år sia at vegsalting fører til omfattande skader på naturen, både innsjøar, elver og grunnvatn, jordsmonn og vegetasjon. Men salttrolla får ture fram likevel.

Den vesle prestekragespira stakk så vidt opp av jorda der i grøftekanten. Ho såg andre små spirer på veg opp, mest løvetann. Dei som hadde overlevd saltinga strekte seg mot lyset og stakk røtene sine lenger ned i den fuktige molda. Dei venta på neste fiende: kverktrollet, som var endå farlegare enn salttrollet. Kverktrollet påstod at bilane kunne miste sikten av prestekragar, blåklokker og løvetann. Det må vere veldig låge sportsbilar kverktrollet tek omsyn til. Dessutan hatar kverktrollet løvetann like mykje som det elskar Roundup. Denne kverken inneheld glyfosat, eit giftstoff som er sterkt mistenkt for å vere kreftframkallande. EU vurderte å forby det i fjor, men produsenten Monsanto fekk løyve til å selje det i fem år til, under sterk tvil og heftig lobbying.

Marit Bendz.

Marit Bendz. Foto:

Glyfosat drep alt grønt, slik at villbier, sommarfuglar og andre insekt mistar maten sin. Så døyr dei, og fuglane får heller ikkje nok mat. Så døyr dei og.

I byggjefelta slenger kverknissen opp eit par skilt der det står at ungar bør halde seg unna dei sprøyta grøftekantane. Særleg gjeld dette småungar, som ikkje kan lese ...

«Det er heilt ufarleg», seier kverktrolla og kverkbøndene før dei tek på seg heildekkande dress og gassmaske og går til kverket.

På hagesentera kan du kjøpe Roundup til hagen din. Eller kanskje du har Calypso, Confidor eller Provado ståande i boda, som ikkje inneheld glyfosat? Men dei kan innehalde neonikotinoidar, som øydelegg nervesystemet til bier og humler. Så ei humle som samlar nektar i hagen din kan ende opp i døds-krampar som følge av desse sprøytemidla. Då er det ikkje mykje hjelp i å byggje humlehotell. Mattilsynet i EU (EFSA) går heldigvis inn for å forby neonikotinoidar utandørs.

Vår vesle ven, den aller siste prestekragen i denne grøftekanten, vaks og venta. Der kom kverktrollet. Løvetann og geitrams knela og visna. Humler og bier som ikkje kom seg fort nok vekk, døydde. Restane av gifta forsvann ned i jorda, ned til dei millionar av små vesen som bur der nede, til meitemarken som fekk vondt i magen. Gifta vart ført vidare med bekkar ut i elva og fjorden.

Men prestekragespira i grøftekanten overlevde kverktrollet også, mot alle odds.

Ein gong stod grøftekantane fulle av blåklokker, prestekragar, kløver og raud jonsokblom. Dei som forskar på insekt er uroa. Dei seier vi går i ekspressfart mot den sjette store masseutryddinga. Kring 75 prosent av alle insekt i tyske naturreservat har forsvunne dei siste 30 åra. Og her? Hugsar de frontruta på bilen, korleis den vart pepra med insektlik for eit par tiår sida? Kvifor er det ikkje lenger slik?

Vi klarer å forårsake både flaum og tørke med vår tankelause framferd. Visste du at tre kan snakke saman? Ikkje slik som vi, men dei kommuniserer. Det er så mykje vi ikkje veit. Så mykje av skaparverket vi ikkje bryr oss om. Det vi ikkje veit namnet på, bryr vi oss iallfall ikkje om. Jordbakterien Mycobacterium vaccae, til dømes. Den får hjernen vår til å produsere ekstra serotonin, hormonet som gjer oss lykkelege.

Det er difor vi blir så glade av å grave i jorda. Vi har aksjonar for å redde nasehornet og den sibirske tigeren, vi blir fortvila over den dystre framtida til isbjørnen. Men kven bryr seg om å redde Mycobacterium vaccae? Kven går i tog for trøndertustlav? Kanskje hovudpersonen i «Begynnelser», siste boka til Carl Frode Tiller.

Den førpubertale prestekragen drøymde om sol og summande insekt, om å bløme, bli vakker, og kanskje om ei lita barnehand som plukka ho og batt ein blomekrans jonsokkvelden. Men aller mest ønska ho å spreie frøa sine, slik at det kunne bli mange nye prestekragebarn. Dette instinktet er like sterkt hos prestekragen som hos oss.

Ho vaks og vaks, snart kom ein liten knopp, og ho gledde seg til å springe ut. Men som i alle eventyr; det er alltid tre troll. Det siste trollet er storkjeften. Kantklipparen som et seg framover som i «Landskap med gravemaskiner» av Rolf Jacobsen:

«De spiser av skogene mine.

Seks gravemaskiner kom og spiste av skogene mine.

Gud hjelpe meg for en skapning på dem.

Hoder uten øyne og øynene i baken.

De svinger med kjeftene på lange skaft og har løvetann i munnvikene.

De eter og spytter ut, spytter ut og eter,

for de har ingen strupe mer, bare en diger kjeft og en rumlende mave.

Er dette et slags helvete?……»

Førde blir planlagt med gravemaskin. Som deLillos syng: «De kutter ned trær og bygger parkanlegg her». Det som er att av skaparverk i Førde vert skjøtta av troll.

Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane oppmodar både bønder og hageeigarar om å levere giftkannene sine inn i Hesjedalen. Vi oppmodar kommunane og Statens vegvesen om å låse både salttrollet og kverktrollet inne for godt. Storkjeften kan sleppe ut når alle blomane har blomstra av.

Korleis skal det gå med den aller siste prestekragen i veggrøfta? Skal den bli halshogd, utan lov og dom? Eller få lov til å blomstre og formeire seg? Det er opp til deg og meg. Skal vi la trolla ture fram, skal vi sjølv vere troll?

Naturvernforbundet er klar til trolljakt, og vi treng mange med oss. For trolla er veldig store og veldig sterke. Men saman kan vi overvinne dei. Saman kan vi lage ein lykkeleg slutt på dette eventyret.

(Dette er ei omarbeidd utgåve av eventyret som eg fortalde på gudstenesta til Førde kyrkje på Skaparverkets dag søndag 10. juni.)

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags