Fas ut plastposen!

IKKJE VANSKELEG: Mykje kan gjerast med å fjerne ein del av den plasten vi har i omløp, som når det kjem til plastposar, ikkje er så veldig vanskeleg å få til, skriv artikkelforfattaren.

IKKJE VANSKELEG: Mykje kan gjerast med å fjerne ein del av den plasten vi har i omløp, som når det kjem til plastposar, ikkje er så veldig vanskeleg å få til, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

Meiningar 

Å handle er ein heilt vanleg aktivitet for dei fleste. Ein går inn, finn varene ein treng til hushaldet, betalar og røskar med seg nokon posar frå den brune pappeska under kassa. Ein forlèt butikken, dreg heim, pakkar ut, og sleng posane i den elles fulle plastpose-behaldaren, og tenkjar knapt på at det ligg plastposar der, før ein skal ut med søpla og treng ny søppelpose. Årleg antakast det at Norske hushald brukar over ein milliard plastposar i året! Det er mykje ... Alt for mykje ...

Kvifor er det for mykje? Fordi plastposane kjem på avvege. Maritim forsøpling er eit stort problem, noko vi kan sjå gong på gong. Stadig vekk finn ein kval, fisk og fugl stappfull av plast og anna søppel. Men kva skal vi gjera? Vi kan vel ikkje byrja å ta alt under armane ut av butikken? Nei, men mykje kan gjerast med å fjerne ein del av den plasten vi har i omløp, som når det kjem til plastposar, ikkje er så veldig vanskeleg å få til!

Nokon hugsar kanskje Folkeopplysninga si episode i fjor om plastposar, og kva som var den mest berekraftige og miljøvennlege posen. Fasiten på slutten var posar med meir plast, altså handlenett. Ved å bruka plast-handlenett nokre få titals gonger, så har det allereie lønt seg for miljøet. Det ein dessverre ser, er at handlenettene ofte vert gløymd bort i ein skuff, og difor ikkje vert brukt. Det er ei mykje som stimulerer til å bruka det ofte, anna ein tanken på miljø. Som dessverre, alt for få tenkjer på.

Så kva kan verte gjort? COOP har teke eit fantastisk initiativ på dette feltet. På same måte som ein får nokre kroner når ein pantar plastflasker, har no COOP innført medlemsbonus på handlenettene sine, i håp om at fleire nyttar handlenettet. Det tykkjer vi i ungdomspolitisk utval Sogn og Fjordane er fantastisk initiativ, og bør verte teke i bruk av andre butikkjeder også. Med denne ordninga kan ein stimulera folk til å bruka handlenettene, fordi ein får noko igjen for å bruka det, samstundes som ein hjelper miljøet!

Oppfordringa vår til deg som forbrukar, ta med handlenettet.

Oppfordringa vår til deg som tilbyder, legg til rette for handlenett-bruk

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags