Eit indirekte globalt massemord

KLIMAKRISE: Vi ser allereie no, is som smeltar, havnivå som stig, dyr og artar som blir ekstinkte og tallause tonn med plast i havet. Klimakrisa skjer no, og den tar ikkje omsyn til om regjeringa bryr seg eller ikkje, skriv artikkelforfattaren. Bildet viser issmelting på Svalbard.

KLIMAKRISE: Vi ser allereie no, is som smeltar, havnivå som stig, dyr og artar som blir ekstinkte og tallause tonn med plast i havet. Klimakrisa skjer no, og den tar ikkje omsyn til om regjeringa bryr seg eller ikkje, skriv artikkelforfattaren. Bildet viser issmelting på Svalbard. Foto:

Av
DEL

Meiningar

Eg heiter Sigrid og er 17 år. Kvar fredag reiser eg frå Dale i Sunnfjord til Bergen for å streike for klimaet. Dette gjer eg fordi det er det rette.

Eg blei lært heilt frå eg var liten at om eg synest noko var feil, måtte eg stå opp for det. Akkurat som når du som barn ser nokon vere stygge med andre; skal du stå og sjå på det skje, eller skal du gjere noko med det?

Svenske Greta Thunberg har sidan i fjor haust streika utanfor den svenske riksdagen i protest mot politikarane, for kva er vel vits ved og gå på skule om vi ikkje har nokon framtid og forberede oss til? Greta starta denne rørsla og den har seinare fått namnet «fridaysforfuture». Globalt streikar opptil 70.000 skulebarn og studentar rundt om i verda, kvar fredag.

Eg er lei av regjeringa i Noreg som ikkje tar klimakrisa på alvor. Dei veit like godt som meg at forbrenning av fossil energi, som olje og gass er det som tærer mest på klimaet og atmosfæren, likevel ønskjer dei å fortsette med dette i mange år framover.

Sigrid Moltumyr

Sigrid Moltumyr Foto:

Noreg og alle verdas land har forplikta seg til Paris-avtalen som seier at temperaturen ikkje skal auke med meir enn 2℃ og helst ikkje meir enn 1,5℃. Denne avtalen er internasjonal og det fører til at det ikkje er noko politi eller rettssystem som kan passe på at kvar enkelt av landa held avtalen. Derfor er det avgjerande at innbyggjarane tar denne rolla.

Eg er lei av klimakrisefornektarar og dårlege argument for å halde oppe oljeindustrien, som: «Kva skal vi tene pengane våre på då?» Om ikkje rike og demokratiske Noreg greier å omstille seg, kven vil då greie det?

Mange påstår at Noregs olje og gass er den reinaste i verda. Saka er at 90 % av utsleppa kjem frå forbruket, ikkje utvinninga. Uansett om du er for eller imot oljeindustrien står den norske industrien for heile 500 millionar tonn CO^2-utslepp i året. Noko som er ti gangar meir enn det nasjonale utsleppet. Vår eksport fører til utruleg mykje utslepp globalt, og det må vi få ein stoppar for.

«Norsk olje koker kloden» ropar vi medan tilfeldig forbipasserande går forbi ved den blå steinen på Torgallmenningen der streiken tek plass. Mange går forbi i løpet av dei to timane vi står der, nokon gir oss fine kommentarar, tar gjerne nokre bilde, medan nokon går rett forbi utan og kaste eit blikk på oss.

Vi er barn, ungdommar, unge vaksne og nokre vaksne som har ein ting til felles. Vi er alle lei av regjeringas aktløyse, dei veit at oljeindustrien er ein viktig faktor til at det blir sommar i februar, eller at det kjem store flaumar som rammar uskyldige barn og vaksne.

Konsekvensane av at regjeringa prioriterer kortsiktig profitt framfor klimaet er at tallause menneske, dyr og planter døyr eller blir utrydda for godt. Det er eit globalt massemord, folk døyr av det, på ordentleg. Vi øydelegg jorda og økosystemet, faunaen blir heilt ulik seg sjølv og det vil bli ubebueleg mange stadar.

Panikken burde vere der no. Vi ser allereie no, is som smeltar, havnivå som stig, dyr og artar som blir utrydda og tallause tonn med plast i havet. Klimakrisa skjer no, og den tar ikkje omsyn til om regjeringa bryr seg eller ikkje.

Denne fredagen er det endeleg skulestreik i Førde arrangert av Nordfjord Natur og Ungdom. Eg oppfordra alle til å komme og bli med. Ei framtid for oss sjølve og dei kommande er viktigare enn ein enkel skuledag.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags